lørdag 28. februar 2009

Oppdateringar for veke 9

Det har denne veka vore vinterferie, men det betyr ikkje at ein kan leggje skulearbeidet på hylla ei veke fordiom. Vi har denne veka vore samla som gruppe og sett vidare på arbeidet med M2 i DKl102. Vi har noe kome fram til nokon klare punkt som vi skal ha med i oppgåva. Den byrjar no å kome på plass. I alle fall den første delen. Og det er jo den delen del 2 og 3 tek utgongspunkt i, så dette er den delen som må vere på plass for at ein skal kunne kome i mål med oppgåva. 

Vi var igjen samla på miljørommet på BK og diskuterte kva vi ville ha med i oppgåva, og korleis vi skulle løyse den. Etter å ha blitt einige om kva vi ville ha med, avtalte vi at vi skal ha nytt møte på måndag i halv 5 - tida. Då skal vi ha fyllt inn "tomromma" i dei punkta vi kom fram til på møtet. 

tirsdag 17. februar 2009

Veke 7

Denne veka har vi hatt Skype møte kvar kveld. Vi har jobba med oppgåva for å få den ferdigstillt før måndag. Framtil onsdag jobba vi med manuset, og skreiv litt på den skriftlege oppgåva som skal leverast saman med podcasten. Onsdagskvelden spelte vi inn første del av debatten vi hadde valgt å bruke, samtidig som vi spelte inn radioteateret vi har planlagt å bruke som pause i debatten. På torsdagskvelden spelte vi inn andre del av debatten.  Vi avtalte på dette møtet at vi skulle redigere saman heile podcasten kvar for oss, og deretter skulle vi avtale saman kven sin versjon av den vi ville bruke til innlevering. Fredagsmøtet hadde eg ikkje sjans til å møte opp på, men eg lytta til podcasten som dei hadde kome fram til og tykte denne var heilt grei til innlevering. I løpet av helga skulle vi også ha skrive og forkorta den skriftlege oppgåva slik vi ville ha den. Ein hadde fram til 19.00 å endre det ein ville.  Og deretter var det eit Skype møte for å prate om den siste finishen. Men dette møtet kom eg meg ikkje på, for eg hadde ein del problemer både med datamaskina, og med Skype. Det ville ikkje logge meg på. I tillegg hadde eg også eit møte med DKL102 gruppa mi. Her byrja vi å diskutere på mappeoppgåve 2.

Tankar rundt dette:

Eg hadde ein del problemer med Skype denne veka.  Anten ville det ikkje logge meg på, eller så hakka det når eg hadde Skype - møte så eg ikkje fekk med meg kva som blei sagt. Eg veit ikkje om det var datamaskina, Internett eller kva det kunne vere, men det er slikt ein må ta hensyn til om ein gjennomfører slikt med elevar i skulen.  I vtillegg var det ein spanande oppleving å lage ein podcast ved hjelp av Skype. Også det å lage ein podcast i det heile tatt. Dette er noko ein kan ta med seg dersom ein får seg jobb i skulen, for eg vil tru at dette er noko som elevane vil finne interessant og lærerikt. 

mandag 9. februar 2009

Helga veke 6

Jobba denne helga med replikkane mine som eg skal ha i podcasten vi skal lage i arbeidskravoppgåve 1 i DKL104.  Dette var noko vi kom fram til på siste Skype møtet vi hadde som gruppe. Eg jobba med dette mykje av laurdagen slik at det kunne kome inn i manuset tidleg slik at dei andre visste kva eg skulle seie, slik at ein også kunne sjå over om det passa saman med det dei andre skulle seie. For  når det er ei gruppeoppgåve må nesten oppgåva passa mest mogleg overens slik at det viser at ein har jobba mykje saman om det. Om det ser for oppdelt ut er det ikkje så monge som vil tru at det er eit gruppearbeid der deltakarane har jobba saman om det som er skrive og spelt inn.

lørdag 7. februar 2009

Arbeid med A1 i DKL104

Har denne veka hatt møter på Skype kvar kveld for å kome i gong med A1.  Vi har sittet cirka ein time både mandag, onsdag, torsdag og fredag.  Vi kom fram til kva tema vi skulle ha, kven som skulle ha kva slags roller, og at hovudtemaet på podcasten skulle vere ein debatt  om mobbing.  På fredagen kom vi også fram til at kvar enkelt skulle finne ut kva han eller ho ville seie før neste møtet som blei avtalt at det er på mandag. 

Igjen er det erfaring å bruke Skype. Når ein er i ei gruppe der det er eit stykke mellom kvar dei forskjellige gruppemedlemma bur, er Skype en enklare måte for alle, enn at dei forskjellige medlemma må møtast saman. Då kan det gjerne bli for lite gruppetid og ein får då ikkje gjort ting like effektivt.  Så Skype - metoden er ei bra metode å ta i bruk når det gjeld gruppearbeid.

mandag 2. februar 2009

Møte 1 i forbindelse med A1 i DKL104

Vi hadde i kveld eit gruppemøte på Skype for å diskutere arbeidet med arbeidskravoppgåve 1 i DKL104. Dette var ein spanande måte å ha eit møte på tykkjer eg, for det er ikkje noko som eg er van med å gjere. Det er ein grei måte å gjere det på, for når det er eit stykke mellom kvar ein bur, så vert dette den enklaste måten å gjere det på. Då kan ein sitje i si eiga stove, men samtidig prate med alle samtidig. Einaste som eg merkte meg med denne metoden, var at det til tider hakke i sendingane, så eg fekk ikkje med meg kva alle sa heile tida. Dette skjedde gjerne om det var fleire som prøvde å prate samtidig. Det verka som om maskina då kutta heile samtalen istadenfor å sende det dei sa. Men dette er berre ein liten bagatell. Eg fekk likevel med meg nesten alt som blei sagt. Så dette er ein metode som ein verkeleg kan ta i bruk, og som ein kan ta med seg inn i skulen, og la elevane prøve seg på. Så klart må ein gi dei ei lita innføring i bruk av Skype - metoden først, men det er heilt klart noko dei kan ta i bruk om dei jobbar med gruppearbeid. 

Veka som har gått - Veke 5

Mandagen byrja eg med å lese leksjonane som blei lagt ut i Fronter. Mykje av veka gjekk med til arbeid med mappeoppgåve 1 i DKL102. Dette er ei mappeoppgåve i sosial web som skal leverast inn o9. februar, men eg følte at det er greit å ha god tid når ein jobbar med ei oppgåve, istadenfor å byrje på det i siste liten slik at ein ikkje får leggje ned arbeid i det ein gjer. Det brukar som regel å vise igjen i arbeidet, og ein blir dermed straffa med dette. Når det gjeld mappeoppgåver kan straffa vere at ein ikkje får det godkjend og dermed må gjere arbeidet ein ekstra gong. Det er derfor betre å gjere litt ekstra innsats slik at ein kan få det godkjend fyrste gongen istadenfor å gjere det om att fleire gongar.

søndag 1. februar 2009

Samling i DKL104 30.januar

Dagens samling handla om podcasting. Vi gjekk igjennom kva podcasting er på samlinga. Vi prøvde også å lage vår eiga podcast - sending. Vi kunne då, sidan det var ei prøve, laste ned ein song frå Internett. Vi skulle selvfølgeleg passe på at det var frå ei side der det var lovleg, for å ikkje bryte reglane om opphavsrett, og deretter få lagt den inn i iTunes slik at den kunne bli spelen av frå ein link i bloggen vår.