tirsdag 17. februar 2009

Veke 7

Denne veka har vi hatt Skype møte kvar kveld. Vi har jobba med oppgåva for å få den ferdigstillt før måndag. Framtil onsdag jobba vi med manuset, og skreiv litt på den skriftlege oppgåva som skal leverast saman med podcasten. Onsdagskvelden spelte vi inn første del av debatten vi hadde valgt å bruke, samtidig som vi spelte inn radioteateret vi har planlagt å bruke som pause i debatten. På torsdagskvelden spelte vi inn andre del av debatten.  Vi avtalte på dette møtet at vi skulle redigere saman heile podcasten kvar for oss, og deretter skulle vi avtale saman kven sin versjon av den vi ville bruke til innlevering. Fredagsmøtet hadde eg ikkje sjans til å møte opp på, men eg lytta til podcasten som dei hadde kome fram til og tykte denne var heilt grei til innlevering. I løpet av helga skulle vi også ha skrive og forkorta den skriftlege oppgåva slik vi ville ha den. Ein hadde fram til 19.00 å endre det ein ville.  Og deretter var det eit Skype møte for å prate om den siste finishen. Men dette møtet kom eg meg ikkje på, for eg hadde ein del problemer både med datamaskina, og med Skype. Det ville ikkje logge meg på. I tillegg hadde eg også eit møte med DKL102 gruppa mi. Her byrja vi å diskutere på mappeoppgåve 2.

Tankar rundt dette:

Eg hadde ein del problemer med Skype denne veka.  Anten ville det ikkje logge meg på, eller så hakka det når eg hadde Skype - møte så eg ikkje fekk med meg kva som blei sagt. Eg veit ikkje om det var datamaskina, Internett eller kva det kunne vere, men det er slikt ein må ta hensyn til om ein gjennomfører slikt med elevar i skulen.  I vtillegg var det ein spanande oppleving å lage ein podcast ved hjelp av Skype. Også det å lage ein podcast i det heile tatt. Dette er noko ein kan ta med seg dersom ein får seg jobb i skulen, for eg vil tru at dette er noko som elevane vil finne interessant og lærerikt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar