fredag 30. januar 2009
Samling i DKL104 Torsdag 29.01.2009
Tankar rundt dette:
Eg tykte dette var ei veldig interessant oppgåve å prøve. Det vart mykje fnising og feiling, men vi prøvde til vi fekk eit brukbart resultat. Det blir ein del å redigere for å få det til å høyrest ut som vi veit litt av det vi pratar om, men det var likevel ein interessant oppleving. Dersom dette var noko vi trena jamnt på, så hadde det ikkje vorte like mykje fnising ut av det. Det er derfor lurt at dersom ein skal bruke det i skulen, så må ein trene litt på det slik at det ikkje vert berre opp i tøys. Og slik at elevane kan bli vande med å bruke slikt. For det er ikkje alle som er like glade i å høyre si eiga stemme oppteken. Det veit eg at eg ikkje er i alle fall, og har aldri vore det. Så slikt er ting ein må ta hensyn til. Det er også viktig å tenkje på kva utstyr ein bruker. Det vart vanskeleg å høyre eine deltakaren, for han hadde ikkje ordentleg mikrofon. Men når dette blei retta på, blei det med eitt mykje enklare å oppfatte kva han sa. Så dette må ein passe på er i orden før ein startar med noko slikt i skulen.
mandag 26. januar 2009
Veka som har gått
I veka som har gått har eg lese igjennom leksjonane i DKL102 og DKL104 som har blitt lagt ut i Fronter. Eg las igjennom desse lelksjonane, og i tillegg jobba eg med dei obligatoriske oppgåvene som høyrde til leksjonane. Eg skreiv ei oppgåve om Neil Selwyn og Michael Wesch og deira syn på sosial web. I tillegg las eg og skreiv om to artiklar som står i ei pensumbok, og skreiv litt om mitt syn på desse. Begge desse oppgåvene la eg ut i bloggen her.
Tankar rundt dette:
Begge oppgåvene tykkjer eg var interessante oppgåver å jobbe med. I den første oppgåva som eg skreiv, som omhandla Wesch og Selwyns syn på bruk av sosial web i undervisninga. Dei deler ikkje same syn på denne saken, men dei har likevel begge meiningsfulle påstandar som gjer at ein kan setje seg inn i begge sin ståstad. Ein kunne då lage seg opp ei eiga meininga om kva som var det som kunne verke mest i undervisninga. Det var i alle fall det eg enda opp med å gjere. Eg fekk mine eigne tankar om kva som ville verke best med tanke på sosial web i bruk i undervisning.
Den andre oppgåva, der vi skulle lese to artiklar som stod i ei av lærebøkene, skulle også kome med nokon tankar rundt artiklane i forhald til DKL - studiet. Dette var kanskje ikkje like mykje tenkjeoppgåve som den andre, for i denne oppgåva skulle ikkje artiklane samanliknast. Dette gjorde det på ein måte til ei litt enklare oppgåve. Men så klart krevde denne oppgåva også at ein sette seg inn i materialet, og tenkte over korleis ein kunne samanlikne artiklane med DKL - studiet.
torsdag 22. januar 2009
Oppgåve i medieproduksjon i DKL104
For at elevane skal sleppe å miste seg sjølv i all den medieoppmerksomheita som er no til dags, må dei få tid til å reflektere over det dei ser og høyrer. Det er heile tida noko som har skjedd i eit anna land som krig, drap osv. Det er som regel berre det negative som skjer i verda som kjem fram i nyheitene. Gjer då dette til at vi bryr oss meir om kva som kan skje i verda, eller blir vi istadenfor ignorante, og bryr oss til slutt ikkje om kva som skjer med verda?
Eg vil seie at det kan verke begge vegar. For somme blir det berre ein lyd som står på i bakgrunnen. Noko som igjen fører til at ein ikkje legg merke til nyheiter, og dermed ikkje kva som skjer i verda. Igjen på den andre sida, kan ein slik informasjon føre til at nokon folk engasjerer seg meir om det som skjer med verda. Det kan føre til at born og unge lærer seg til å føle medmenneskelegheit. Så media kan påverke både negativt og positivt.
Om ein følgjer litt med på media, kan ein også høyre om nokon som har blitt så påverka av filmar eller seriar at dei skal ut og gjere det same som ein av rollefigurane. Dette er så klart ikkje vanlege tilfeller, men det har skjedd. Då har som regel nokon enda opp med å bli skadd. Så ein kan sjå både fordelar og ulemper med media si påverknad på folket.
Krever medieutviklingen ein ny dannelsesteknikk? Svein Østerud
Massemedia blir ein større del av menneskenes verden. På grunn av dette føler eg at det er lurt å integrere dette meir inn i elevanes undervisningsmetode. Undervisninga må kunne leggje vekt på, og lære elevane til, å vere kritiske til massemediane. Samtidig må lærarane lære elevane å vere opne for nye tankar og at der er moglegheitene til å bruke media under ansvar og til positive formål.
Slik læreplanane ser ut, kan det seiast at dei har eit godt dobbeltperspektiv og at dei er med på å fremje læring, istadenfor å gjere slik at den går tilbake. Men dette synet i læreplanane endra seg i 1990 – åra. Skulesystemet fekk då eit splitta syn på korleis ungdommen blei påverka av massemedia. Det var då spesielt fjernsynet som blei sett på som den onde syndebukken i samfunnet. Dei skrivne media blei gjerne sett på som lærerike og sett på til å ha ein positiv effekt på ungdommen.
I den nye læreplanen (LK06) er det istaden kome eit meir realistisk syn på massemedia sin påverknad på ungdommen. LK06 gir tilstrekkeleg rom for elevane sine danningsprosessar. Om då lærarane fokuserar og tenkjer igjennom kva dei kan gjere for å bruke dette til å fremje læring, kan massemedia bli brukt til noko læringsfremjande. Så det er opp til lærarane å stimulere til ei undervisning som kan vere med på å ruste born og unge til å delta i samfunnet.
Tankar rundt desse artiklane
Oppgåve 1 i DKL102
Wesch mot Selwyn
Mitt syn på desse to teoriane:
Eg meiner at om ein finn den gyldne mellomveg mellom desse to sitt syn så kan ein få eit læringsmiljø som stimulerer til læring. Slik eg ser det, er det fleire og fleire som tek i bruk sosial web på fritida. Om ein finn ein måte å integrere bruk av sosial web i undervisninga slik at det fremjar til å vere med på å utvikle borna som studentar, vil eg tru er den beste måten å bruke dette på. Eg føler sjølv at bruk av sosial web kan også vere med på å engasjere fleire elevar til å ville kome med spørsmål og kommentarar. Når ein sit i eit klasserom med alle augene retta mot ein, kan det vere «skummelt» å seie det ein vil seie. Det kan då vere lettare å seie det over ei nettside, som for eksempel Facebook. Så eg vil tru at om ein integrerer sosial web til ein viss grad i undervisninga så kan det vere til hjelp. Men ein bør likevel passe på at det passar til den undervisninga ein held på med.
fredag 16. januar 2009
Samling 15. og 16. Januar
I går hadde vi første samlingane i DKL102. Den første samlinga omhandla sosialt web. Vi skulle på førehand ha meldt oss inn i tre nettsamfunn. Her var eg allereide medlem av tre, så eg valgde å bruke dei; dette var Facebook, nettby og MSN. I tillegg til dette valgde vi grupper som vi skal ha igjennom dette semesteret.
I dag hadde vi om tenkjeverkty. Dette omfatta for det meste bruk av digitale tankekart. Her prøvde vi ut programmet Mindomo. Eg hadde i fjor DKL103 og dette var noko vi som var innom då, så det blei ikkje noko nytt for meg. Det var i grunnen greit å få friska opp igjen bruk av tankekart. Det er ikkje noko eg har holdt på med så mykje den siste tida, og då kan det vere greit å få det oppfriska igjen slik at det ikkje fell ut av hukommelsen. I tillegg til dette gjorde vi ei gruppeoppgåve i samlinga. Her skulle vi ved hjelp av tankekart skrive nokon stikkord om bruk av diverse sosiale webar. Vi brukte her Facebook, Picaza, Nettby, MSN og Delicious. Dette føler eg var ei bra oppgåve å jobbe med. Den var med på å få gruppa i gong med gruppearbeidet, slik at vi også kunne bli litt betre kjende med kvarandre.