På denne samlinga gjekk vi gjennom radio som medieproduksjonsmiddel i skulen. I tillegg fekk vi ei lita gjennomgåing av Skype. Til denne gjennomgåinga utførte vi ei gruppeoppgåve i samlinga. Vi skulle, gjennom bruk av Skype, lage eit radioinnslag. Vi var då inndelte i dei gruppene som vi skal ha gjennom dette semesteret. Vi sat på to rom, for å få ein meir følelse av korleis det ville vere å bruke Skype. Vi hadde på førehand laga til nokon linjer som kvar enkelt skulle prate om. Og deretter prøvde vi dette, og tok opp samtalen oss i mellom slik at vi kunne redigere den, og lage den til på nettstaden vår.
Tankar rundt dette:
Eg tykte dette var ei veldig interessant oppgåve å prøve. Det vart mykje fnising og feiling, men vi prøvde til vi fekk eit brukbart resultat. Det blir ein del å redigere for å få det til å høyrest ut som vi veit litt av det vi pratar om, men det var likevel ein interessant oppleving. Dersom dette var noko vi trena jamnt på, så hadde det ikkje vorte like mykje fnising ut av det. Det er derfor lurt at dersom ein skal bruke det i skulen, så må ein trene litt på det slik at det ikkje vert berre opp i tøys. Og slik at elevane kan bli vande med å bruke slikt. For det er ikkje alle som er like glade i å høyre si eiga stemme oppteken. Det veit eg at eg ikkje er i alle fall, og har aldri vore det. Så slikt er ting ein må ta hensyn til. Det er også viktig å tenkje på kva utstyr ein bruker. Det vart vanskeleg å høyre eine deltakaren, for han hadde ikkje ordentleg mikrofon. Men når dette blei retta på, blei det med eitt mykje enklare å oppfatte kva han sa. Så dette må ein passe på er i orden før ein startar med noko slikt i skulen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar