torsdag 22. januar 2009

Oppgåve 1 i DKL102

Wesch mot Selwyn

Wesch sitt syn på bruk av sosial web kan seiast å vere positivt. Han meinar at dette set elevane inn i ein læringsposisjon der dei står fri til å bruke sosialt web til læring utan innblanding frå lærarane. Wesch seier at elevane lærer best i situasjonar der lærarane ikkje er til stade. I undervisningstimar har elevar ein tendens til å stille «dårlege» spørsmål, som for eksempel; kor long skal stilen vere? Er undervisninga obligatorisk? o.l. Slike spørsmål vil ein helst unngå, for det er ikkje med på å fremje læring. Det viser heller at elevane ikkje er særleg interesserte i å vere til stade og til å lære noko. Han meinar at elevane kan lære mest ut av diskusjon med kvarandre, og dette gjerne ved å bruke sosial web.


Om ein då ser på Neil Selwyn sn ståstad er han skaptisk til bruk av sosial web i undervisninga. Han meinar at det er i varierande grad elevane har teke i bruk sosial web i situasjonar heime. Nokon av elevane har ikkje tilgong til sosial web heime, og det kan derfor bli problematisk for dei å ta dette i bruk meinar han. Og at det er ikkje sikkert at elevane er einige om å ta i bruk sosial web. Han meinar at det er viktigare å sjå på kva ein kan gjere for å engasjere elevane til å lære noko enn å bruke sosial web.


Mitt syn på desse to teoriane:
Eg meiner at om ein finn den gyldne mellomveg mellom desse to sitt syn så kan ein få eit læringsmiljø som stimulerer til læring. Slik eg ser det, er det fleire og fleire som tek i bruk sosial web på fritida. Om ein finn ein måte å integrere bruk av sosial web i undervisninga slik at det fremjar til å vere med på å utvikle borna som studentar, vil eg tru er den beste måten å bruke dette på. Eg føler sjølv at bruk av sosial web kan også vere med på å engasjere fleire elevar til å ville kome med spørsmål og kommentarar. Når ein sit i eit klasserom med alle augene retta mot ein, kan det vere «skummelt» å seie det ein vil seie. Det kan då vere lettare å seie det over ei nettside, som for eksempel Facebook. Så eg vil tru at om ein integrerer sosial web til ein viss grad i undervisninga så kan det vere til hjelp. Men ein bør likevel passe på at det passar til den undervisninga ein held på med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar