torsdag 22. januar 2009

Oppgåve i medieproduksjon i DKL104

Mot mediedysleksiens tidsalder? Soilikki Vettenranta

For at elevane skal sleppe å miste seg sjølv i all den medieoppmerksomheita som er no til dags, må dei få tid til å reflektere over det dei ser og høyrer. Det er heile tida noko som har skjedd i eit anna land som krig, drap osv. Det er som regel berre det negative som skjer i verda som kjem fram i nyheitene. Gjer då dette til at vi bryr oss meir om kva som kan skje i verda, eller blir vi istadenfor ignorante, og bryr oss til slutt ikkje om kva som skjer med verda?


Eg vil seie at det kan verke begge vegar. For somme blir det berre ein lyd som står på i bakgrunnen. Noko som igjen fører til at ein ikkje legg merke til nyheiter, og dermed ikkje kva som skjer i verda. Igjen på den andre sida, kan ein slik informasjon føre til at nokon folk engasjerer seg meir om det som skjer med verda. Det kan føre til at born og unge lærer seg til å føle medmenneskelegheit. Så media kan påverke både negativt og positivt.

Om ein følgjer litt med på media, kan ein også høyre om nokon som har blitt så påverka av filmar eller seriar at dei skal ut og gjere det same som ein av rollefigurane. Dette er så klart ikkje vanlege tilfeller, men det har skjedd. Då har som regel nokon enda opp med å bli skadd. Så ein kan sjå både fordelar og ulemper med media si påverknad på folket.


Krever medieutviklingen ein ny dannelsesteknikk? Svein Østerud

Massemedia blir ein større del av menneskenes verden. På grunn av dette føler eg at det er lurt å integrere dette meir inn i elevanes undervisningsmetode. Undervisninga må kunne leggje vekt på, og lære elevane til, å vere kritiske til massemediane. Samtidig må lærarane lære elevane å vere opne for nye tankar og at der er moglegheitene til å bruke media under ansvar og til positive formål.

Slik læreplanane ser ut, kan det seiast at dei har eit godt dobbeltperspektiv og at dei er med på å fremje læring, istadenfor å gjere slik at den går tilbake. Men dette synet i læreplanane endra seg i 1990 – åra. Skulesystemet fekk då eit splitta syn på korleis ungdommen blei påverka av massemedia. Det var då spesielt fjernsynet som blei sett på som den onde syndebukken i samfunnet. Dei skrivne media blei gjerne sett på som lærerike og sett på til å ha ein positiv effekt på ungdommen.

I den nye læreplanen (LK06) er det istaden kome eit meir realistisk syn på massemedia sin påverknad på ungdommen. LK06 gir tilstrekkeleg rom for elevane sine danningsprosessar. Om då lærarane fokuserar og tenkjer igjennom kva dei kan gjere for å bruke dette til å fremje læring, kan massemedia bli brukt til noko læringsfremjande. Så det er opp til lærarane å stimulere til ei undervisning som kan vere med på å ruste born og unge til å delta i samfunnet.


Tankar rundt desse artiklane


Begge desse artiklane kan vere interessant og kome med innlegg som er fornuftige å bruke i dagens situasjon med tanke på media si påverknad. Media kan påverke kvar enkelt person på forskjellig måte, og dette må ein som lærar take hensyn til, og bruke litt tid på. Ein må gi elevane moglegheit til å reflektere over, og kome med sine meiningar om forskjellige ting som skjer rundt i verda. Det eg meinar er så klart ikkje å gå igjennom alle innslag dei ser på TV eller les i avisa, men det som er mest relevant for sin skule. Eg hugsar at vår lærar gjekk igjennom det som hadde skjedd under terrorangrepet som skjedde i USA 11. september 2001. Det var ei hending som rysta heile verda, og som endå ikkje er gløymd. Slike ting kan vere nyttig å ta opp, for det kan vere monge, og då spesielt unge, som ikkje forstår kva som foregår. Dette kan vere ein nyttig lærdom for dei å få gå igjennom, og få spør om spørsmål som dei har. Eg veit i alle fall at eg følte det som noko godt då eg opplevde det. Og det er noko eg håpar å få moglegheit til å lære av studiet. Å sjå kva som er relevant å ta opp med dei forskjellige aldersgruppene, og kva som ikkje er passande å ta opp i samband med undervisning.

2 kommentarer:

  1. Hei, eg skriv om nynorsk i media og fekk denne bloggen opp då eg søkte på fjernsynets påverknad.

    Eg ser du er inne på dette temaet, så eg lurte på om eg kunne fått nokre av dei kjeldene du har nytta?

    Send meg gjerne ein email på audmalene@gmail.com

    SvarSlett
  2. Kjeldene som er nytta her er ei bok skrive av Solikki Vettenranta som heiter Mediedanning og mediepedagogikk - Fra digital begeistring til kritisk dømmekraft.

    SvarSlett