tirsdag 31. mars 2009

Øvingsoppgåve 1. Informasjonskompetanse



Her er eit utsnitt av det tankekartet med dei forskjellige Web 2.0 verktya som eg no skal skrive litt om. 

Dei eg brukar i dag:
YouTube:

Eg brukar YouTube i somme tilfeller. Her er det mest til å sjå igjennom dei filmane som blir lagt ut som eg anten interesserer meg for eller har lyst til å lære meir om. 

YouTube er ein side der dei kan leggje ut filmar som ein har laga, og folk kan kommentere på kvarandre sine filmar. Noko vidare enn dette kjenner eg ikkje til dette Web 2.0. verktyet. Men slik eg har forstått det kan ein danne seg eit nettverk og leggje til venner også på denne sida.

Podcast:
Ved å gå IKT – studiet har vi jobba med forskjellige digitale medier, og nettopp gjennom dette har vi laga vår eigen podcast. Derfor har eg vore borti og jobba litt med dette.

Mindomo:
Dette er også eit program vi jobba med i studiet. Det er eit program der ein tek i bruk tankekart. Det er eit nyttig program å ta i bruk i skulesamanheng, og når ein har ein ide som ein vil byggje på.

Picaza:
Dette er eit program som eg har brukt litt igjennom studiet. Eg har brukt det for det meste for å lagre bileter som eg seinare har redigert i Picnik. Noko vidare kjennskap til dette programmet har eg ikkje så eg kan berre sei det om det.

Blogg
Gjennom studiet har vi tatt i bruk fleire bloggar. Vi har ein refleksjonsblogg på blogger.com, og ei nettavis i wordpress.com. Det er forskjellige bloggar, men begge interessante å jobbe med. Du kan følge kvarandre sine bloggar, og på denne måten vert det eit sosialt verkty. Ein kan gå inn og lese dei forskjellige sine bloggar og kommentere til kvarandre.

Google Docs
Dette er eit progam vi har jobba mykje med gjennom heile studiet. Det blir tatt i bruk ved gruppeoppgåver, for det går an å samskrive i eit dokument samtidig. Du kan publisere ting slik at monge kan få tilgong til det dokumentet du har skrive, eller du kan halde dokumentet heilt for deg sjølv. Google Docs er absolutt eit program ein kan ta i bruk i skulen og i undervisninga.

RSS
RSS er noko ein veit noko om, men eg personleg har aldri tenkt over kvifor vi skal ta det i bruk. No har eg gjennom studiet lært meg meir om RSS og vi har teke det i bruk meir og meir. Derfor er dette eit program eg brukar litt no.

Facebook
Dette er ei nettside der du kan vere medlem av eit nettsamfunn. Her kan ein leggje til vennar, chatte med dei, sende «brev» til kvarandre, leggje ut bileter, spele og gjer på ein heil del forskjellige ting.

Hvilke har du hørt om:
Del.icio.us
FreeMind
Flickr
Wiki
Atom
MySpace


Korleis bruk dei mot elevane si læring:
YouTube: Frå YouTube kan ein finne filmar ein treng for å forklare ting, ein kan lage sine eigne filmar og publisere dei på YouTube. På denne måten kan ein få kommentarer på filmane ein legg ut, og gjennom dette finne ut av kva ein kan endre og forbetre om ein skal gjere eit liknande prosjekt.

Podcast: Dette er eit medie ein i grunnen står ganske fritt med. Dei fleste tema kan ein bruke for lage ein podcast til, og dette kan vere ein motivasjonsfaktor som kan engasjere fleire elevar for det kjem utanom tavleundervisninga og lesing av bøker.

Mindomo: Dette er eit program ein kan ta i bruk i dei fleste fag i skulen for at det skal rettast inn mot elevane si læring. Det skal vere mogleg for fleire å redigere i eit tankekart samtidig, så det kan bli brukt om elevane skal ha eit gruppearbeid og vil kome med idear rundt temaet dei skal ha om, eller det kan bli brukt for at dei aleine skal idemyldre rundt eit tema.

Picasa: Dette programmet har eg ikkje så veldig mykje kunnskap til, men det kan bli brukt om ein tek føre seg bileteredigering, og vil lagre bileta sine på nett slik at det kan vere lett å jobbe med dei ved for eksempel ved å bruke Picnik.

Blogg: Ved å bruke blogg i undervisninga kan elevane reflektere over oppgåvene dei har jobba med, både lekser og andreoppgåver. Om ein tek i bruk blogg kan dei følgje kvarandre sine bloggar og kommentere på det dei andre skriv. På denne måten kan dei lære å vere kritiske til det som blir skrive, og lære seg å reflektere over det arbeidet som dei gjer.

Google Docs: Dette programmet kan bli tatt i undervisninga når elevane skal for eksempel gjere gruppeoppgåver. Dei kan då sitje å skrive på oppgåva samtidig, og dei kan redigere på det dei andre skriv om dei ikkje føler at det passar inn i oppgåva. 

Facebook: Denne nettsida kan bli retta opp mot læring på fleire måtar. Her er ein chattefunksjon der elevane kan sitje å diskutere oppgåver som dei har problem med eller som dei skal jobbe med saman. Det kan leggjast ut lenkjer som dei vil dele med både medelevar og andre kjente. Der finst mange moglegheiter om ein vil ta i bruk eit slikt verkty.

Vidare arbeid med M3

Har siste tida jobba med M3. La siste hand på verket i dag, og føler meg fornøgd med oppgåva. Så nå er denne oppgåva levert, og det nærmar seg påskeferie. Eg føler at dette var ei veldig interessant oppgåve. Eg fekk eksperimentere med noko nytt, som kunne vore interessant å prøve ut i skulen. Eg laga først eit utprøvingsnav der eg la inn den informasjonen som eg følte for å ha med i eit slikt informasjonsnav (Dette informasjonsnavet fins her). Dette brukte eg som eksperimentering i henhold til leksjonen som hadde blitt lagt ut i forhald til dette. Deretter oppretta eg eit nytt informasjonsnav som skulle bli brukt til undervisningsopplegget som eg har planlagt i forhald til M3. (Dette informasjonsnavet finn du her)

tirsdag 24. mars 2009

Arbeid med M3

Eg har den siste veka jobba med Mappeoppgåve 3. Her skulle vi lage eit informasjonsnav som kunne bli tatt i bruk med ei klassa på eit sjølvvalgt klassetrinn. Eg har laga meg ei informasjonsside på Netvibes (som er lenkje til her: http://www.netvibes.com/moeg), og har etterkvart som eg har funne nye sider som er relevante til undervisningsopplegget eg har valgt, lagt desse til i informasjonsnavet. 

Eg har også kome fram til eit opplegg der det kan vere relevant å ta i bruk informasjonnav i undervisninga. Og eg har no byrja på å begrunne desse vala eg tok i samband med bruken av informasjonnavet til dette undervisningsopplegget.

Mine tankar rundt denne oppgåva:

Eg føler dette var ei interessant oppgåve å jobbe med. Bruk av Netvibes er heilt nytt for meg, og det var interessant at oppgåva var lagt opp slik at vi måtte lage vårt eige og prøve det ut sjølv. Vi kunne då få oss nye erfaringar som er ei mogleg løysing som ein kanskje ikkje har tenkt på før. 

Arbeid med A2 helga i veke 12


Eg skreiv inn det eg ville ha med i den skriftlege oppgåva til A2 og på tilbakemeldingane til den andre gruppe på nettavisa deira. Sidan innleveringa av denne oppgåva er måndag, måtte den vere ferdigstilt i løpet av helga, og på grunn av dette skreiv eg inn det eg følte passa. Sidan blei det levert av gruppeleiar.

Bilete viser eit utsnitt av framsida på nettavisa som vi laga til denne oppgåva.

fredag 20. mars 2009

Samling 19. og 20. mars

Vi var i gjen samla til samling i DKL104 torsdag frå 17.00 - 21.00, og fredag frå 09.00 - 16.00. Vi byrja torsdagen med litt praktisk informasjon om film og filmanalyse. Deretter hadde vi litt om filmteknikkar, og deretter fekk vi ei oppgåve i å lage ein liten filmsnutt. Vi vart delte inn i smågrupper, så gjekk vi ut å filma det vi ville, og viste det  etterpå til resten av klassa. Når vi hadde sett filmane vart vi delte inn i nye grupper, og fekk ei ny oppgåva. Vi skulle trekkje oss eit ordtak, og lage ein liten film der vi illustrerte ordtaket ved hjelp av film. Resten av torsdagen gjekk til å lage storybord til denne filmen som vi skulle filme på fredag. Gruppa var eg, Linda og Marita. Men Marita kom ikke på fredagen, så vi fekk Kristin istadenfor.

Så det var det første vi byrja med fredagen. Vi fekk fram til kvart på 12 å spele inn filmen. Når dette så var gjort, skulle vi føre over filmen frå videokameraet, og redigere den i MovieMaker. Her klipte vi den til, og limte slik at det blei ein heilheitleg film. I tillegg la vi til effektar der det passa, slik at folk kunne forstå bodskapen utan replikkar. Vi la også til nokon lydeffektar for å få fram eit tydelegare bilete i filmen. Etter at dette var gjort viste vi filmane i klassa, og kommenterte kvarandre sine filmar.

Mine tankar rundt dette:

Eg tykte dette var eit interessant tema å jobbe med. Det er noko som eg ikkje har prøvd så mykje før, og det var interessant å lære noko nytt. Dette er noko eg kunne tenkt meg å ha litt betre tid å jobbe med, for eg føler at det blei for lite tid til det. Vi fekk ikkje gå skikkeleg i dybda av dette emnet i løpet av desse to dagane, så eg kunne godt tenkt meg å ha eit par dagar til til dette. 

Arbeid med A2 i veke 11.

Vi har denne veka jobba med gruppenettavisa som skulle stå ferdig til fredagen. Vi jobba då med kvar sine artiklar og publiserte desse i nettavisa, med rett tekst og bilete. Mandag, onsdag, fredag og søndag hadde vi også Skype - møter der vi diskuterte korleis nettavisa skulle sjå ut, dei forskjellige artiklane våre, og litt om gruppeoppgåva. På søndag jobba vi også med tilbakemeldinga som skal leverast til den andre gruppa. Vi diskuterte denne dagen utsjånaden på nettavisa deira. 

søndag 8. mars 2009

Arbeid med A2

Eg har denne helga jobba med artiklane mine som skal produserast i mi nettavis. Eg har skrive om bruk av media og dataspel. Dette valgte eg å skrive om for det er relevant til det som vi no har om i studiet. Det er noko som vi har lært litt om, og som eg føler at er eit interessant tema å sjå litt nærmare på.  Avisproduksjon kan vere ein vanskeleg prosess for det er så mykje som skal passe saman. Avisa  skal ha eit bra design som kan fengje lesaren, samtidig som at stoffet som blir presentert skal ha relevans og artiklane skal treffe med både rett sjanger og ein skal ha så mange av relevane nyheitskriterier inn i biletet som ein kan for at dei skal vere interessante å lese. Så dette er ein prøvelse, men ein kan også lære mykje av det, og det kan difor vere ein nyttig erfaring å ta med seg om ein skal byrje å undervise i skulen.

fredag 6. mars 2009

Samling i DKL102 Fredag 06.03. 2009

Vi var igjen samla til samling frå 09.00 - 15.30. Vi byrja med å avslutte oppgåva vi byrja på i går. Men det gjekk ikkje heilt slik det skulle med gruppa vår i dag.  Når vi prøvde å laste opp bileta våre i Google Earth så var det berre ein av oss som fekk dette til. På grunn av dette fekk vi ikkje fullført oppgåva på den måten vi ville.  Etter at vi hadde jobba med oppgåva ei stund, var det klart for framføring. Alle gruppene framførte sitt opplegg. På denne måten fekk vi sjå korleis andre tenkte rundt denne oppgåva, og fekk sjå forskjellige måtar å løyse den på.  Deretter fekk vi høyre litt om pedagogisk programvare, før vi gjekk over til å ha om Google Sketchup. Vi fekk i oppgåve i samband med dette å lage vårt eige hus i Google Sketchup.  Dette gjekk for so vidt greit. Eg har frå før jobba med å lage teikningar av hus i dette programmet, så det var ikkje heilt nytt, men det var morosamt å få friska opp att slike ting, og samtidig plukke opp nye tips for korleis ein kan løyse dette problemet. På slutten av dagen gjekk vi fort gjennom bruk av dataspel i bruk i undervisning, og så fekk vi prøve eit spel som heiter Bridge Construction demo. Dette var eit spel som gjekk ut på å bygge ei bru over ei elv utan at brua datt saman. Dette var eit vanskeleg spel. Ein måtte verkeleg tenkje for å klare å byggje bruene utan at dei datt saman. Så eg vil seie at dette er eit spel ein kan lære av, og eg vil tru at ein kan nå læringsmål i for eksempel matematikk gjennom bruk av dette. Så ein kan spørje seg sjølv eit spørsmål; passar det seg med dataspel i undervisningssamanheng? Eg føler ikkje at ein berre kan seie ja eller nei til eit slikt spørsmål. Det kjem heilt an på spelet og kva læringsmoglegheiter dette har, og det kjem heilt an på korleis klassa er. Så eg føler at bruk av spel i undervisning må kunne vurderast ut ifrå kvart enkelt tilfelle.

torsdag 5. mars 2009

2. samling i DKL102 05. mars 2009

I dag var vi samla til samling igjen. Vi byrja samlinga med å få praktisk informasjon til mappeoppgåve 2, arbeidskrava og semesterplan. Deretter fekk vi praktisk informasjon om Picasa og bruk av Google earth. Her fekk vi også vist korleis ein legg inn plasseringar til bileta i desse programma. Og dei siste to timane fekk vi jobbe med ei gruppeoppgåve der vi skulle lage eit undervisningsopplegg til ei skuleklasse der dei skulle ta i bruk Google Earth.

Mine tankar:
Eg føler dette var på ein måte ei grei oppgåve, men på ein anna måte ei komplisert oppgåve. det tok ei stund før vi klarte å kome i gong, men når det då fyrst løsna, så var det ikkje så komplisert som ein først hadde tenkt. Eg føler det er ein grei måte å lære på dette. Om ein må ytføre ting sjølv, kan det vere lettare å lære av det. Ein må då setje seg inn i ting sjølv, før ein presenterer det for nokon andre.

onsdag 4. mars 2009

Oppgåve til generasjon.com

I denne boka skal vi sjå på korleis media har prega norske born og unge som har vekse opp i omkring årtusenskiftet. Det kjem fram forskning gjennom 12 år; frå 1993 – 2005. 

Kapittel 1. Innledning

Mediene er nå så integrert i kvardagen, at ein ikkje ser at dei er i stadig endring, utan å ta eit steg utanfor kvardagen. Og då er det gjerne at borna er i ein utsatt situasjon på grunn av mediene det blir fokusert på. Endring er noko som skjer i dagens media heile tida. Det kjem heile tida nye «hardware» og «software» og liknande. Tønnessen har fulgt ei gruppe born frå dei gjekk i barnehage i 1993, til dei gjekk ut av grunnskulen i 2005. Her har ho kome fram til bornas vaner innan mediebruk. Dette gir moglegheit til å utforske dei unges eget perspektiv på prosessane der dei unge utviklar seg til ungdom samtidig som mediene også endrar seg. Og i dag går det ikkje an å kartleggje kor mykje tid born eigentleg brukar på dei forskjellige mediene. Det blir i dag brukt fleire og fleire medier parallelt. Dei kan gjerne lese og og lytte til musikk samtidig for eksempel. Og det ser også ut til at ungane skaffar seg tilgjenge til dei mediene dei tek i bruk, så det er ikkje lenger noko hinder. 

Kapittel 2. Nye og gamle medier

Ungdommen ser føre seg ei stor endring i løpet av kort tid, når det gjeld teknologien. Og det kan vel kanskje stemme. Sidane teknologien er i stadig endring, er det godt mogleg at den er mykje meir avansert om 20 år enn det vi ser føre oss idag. Den generasjonen som veks opp i dag har spesiellt opplevd endringar når det gjeld fjernsynet, datamaskin og mobiltelefon. Og da gjerne mobiltelefonen som har overtatt mest på ungdomstrinnet. Der mobiltelefonen fungerer som ei lita datamaskin, der ein kan surfe på Internett, fungerer som eit kamera og ein kan produsere tekst i forskjellige variantar. Og no gjerne med fleire og fleire funksjonar på ein telefon som berre blir mindre. Og mobiltelefonen kan også bety katastrofe å ikkje ha blant ungdommen. Når dei fleste andre har ein mobiltelefon, gjer det at det er lett å få tak i dei. Medan dei som då ikkje har mobiltelefon, blir utestengde frå gruppa. Og dette er noko som ikkje er lett å takle i ungdomstrinnet. 

Men om ein kikkar nærmare på datamaskina som medium, kan ein sjå eit skilje mellom kjønnsfordelinga på dataen. Gutar er meir intresserte i å spele spel enn å chatte og bruke dei andre funksjonane til datamaskina. Jentene derimot er meir intressert i chattekanalane og bruk av e – post. 

Mobiltelefonen er mest brukt til å sende SMS med. Cirka 80% av ungdommen brukar mobiltelefonen til å sende tekstmeldingar. Men mobiltelefonen blir også brukt til å fylle inn dødtid, som for eksempel på bussen og når dei ventar på andre osv, og somme brukar den også som vekkjarklokke.

Kapittel 3. Mainstream og individuell tilpasning

TV er stadig det mediet som er mest sentralt i i barn og unges liv. Tven fins i alle heimar og også på monge av ungdommsroma, og fleirtallet av ungdom ser på TV nesten kvar dag. Sidan ein TV – kanal kostar meir å lage enn eit anna medium, må dei nå ut til fleire, og er derfor laga for alle målgruppene i samfunnet vårt. Derfor på grunn av dette er det derfor fleire som ser på Tv enn det er som tek i bruk datamaskiner for eksempel. 

Barn og unge trekkjer mot det internasjonale når dei tek i bruk spel og program. Dei fleste vel faktisk dei programma som er på engelsk. Både når det gjeld TV – program, og når det gjeld spel og liknande til datamaskina. Men om ein ser på det heile biletet vel fleirtalet å ta utgongspunkt i det kjente norske, medan dei må meistre det engelske for å fylgje med i den internasjonale ungdomskulturen. 

Mine tankar rundt dette:
Eg kan forstå mykje av det som kom fram i denne teksten. Media er stadig i endring, og det kjem heile tida nye oppdateringar, både til mobiltelefonar, datamaskiner og fjernsynet, som jo er dei viktigaste media som vi har vore innom i desse tre kapitla. At Tven er mest utbreidd var eg i grunnen beredt på. Det er noko som eg såg føre meg eksisterte i kvar heim, for dette er noko den vaksne generasjonen meistrar. Derimot datamaskiner og mobiltelefonar er eg, av erfaring, ikkje så sikker på at alle vaksne meistrar i like stor grad. Dei har eit ynksje om å forstå dette, men det er ikkje alltid like enkelt å lære det. Det er i alle fall det nokon kan føle når dei har prøvd seg fram på datamaskinene. Men at samfunnet er i stadig endring når det gjeld media er ikkje noko stor overrasking. Det er noko vi som lever i dag har fått erfare. Og sidan det er ein så integrert del av kvardagen, føler eg at det ikkje er noko nytt for nokon at det heile tida er noko nytt på markedet.

tirsdag 3. mars 2009

Eksperimentering med Comic Life

Bruk av comic life


Comic Life føler eg er eit program som kan vere veldig anvendelig i skulen. Ein kjem fort inn i det, og det er ikkje så veldig vanskeleg å bruke. Eg føler at dette kan vere noko for elevane. Kanskje ikkje i dei lavaste klassetrinna. Til det vert det litt for avansert, men det er eit program ein kan ta i bruk med elevar som går i dei siste åra på barneskulen og oppover. 

Eit kompetansemål som kan dragast inn i denne samanhengen er eit kompetansemål i norsk som omhandlar samansette tekstar: Elevane skal kunne lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy (Utdanningsdirektoratet, 2006) Om ein tek i bruk Comic Life med elevane, så jobbar dei både med bruk av bilete, utsmykningar og dei kan variere skrifttypane. Gjennom å bruke Comic Life så blir det bruk av digitale verkty som står i fokus. Så om ein brukar Comic Life kjem ein innom både bileteredigering, skrift og utsmykning. 


Om ein beveger seg til å sjå på kompetansemål som gjeld for kunst og handverk kan ein finne meir mål som kan nåast gjennom å bruke Comic Life i skulen. Eit av kompetansemåla innan visuell kommunikasjon i kunst og handverk seier at elevane skal kunne lage teikneseriar og også forklare samanhengar mellom teikneseriar og film. For første del av dette kompetansemålet er Comic Life eit ypperleg program. Om du ser på biletet nedanfor har eg prøvd å lage ein liten teikneserie med bruk i mine eigne bileter for å vise korleis eit eksempel kan vere når ein tek det i bruk i skulen (Utdanningsdirektoratet, 2006). Så ein kan altså drage inn forskjellige fag om ein vil ta i bruk Comic Life i skulen, der programmet kan vere med på måloppnåing i dei forskjellige faga.

Mine tankar rundt bruk av Comic Life:


Dette programmet er eit bra program å ta i bruk. Det er mykje forskjellige å eksperimentere med, og det er spanande å lærerikt. Eg følte sjølv at det kunne vere kjekt å eksperimentere med dette, og tida gjekk fort når eg satte meg ned og prøvde ut forskjellige ting med Comic Life. Det var eit veldig interessant program, og noko eg føler kan engasjere elevane om ein tek det i bruk med elevane medan dei går på skule

Jobb med M2 og A2

Vi hadde i går eit nytt møte angåande M2 i DKL102. Vi er no ferdige med innhaldet i del 1, det er berre finskriving som manglar. Så vi avtalte vidare litt arbeidsfordeling for vidare arbeid. Vi delte det slik at to av gruppemedlemma skulle ta føre seg arbeidsplanen, og vi resterande fire skulle byrje å skrive på refleksjonsdelen. Vi kom fram til nokon punkt vi måtte reflektere over. Deretter var møtet over, og eg for heim og byrja å reflektere litt over dei forskjellige punkta og notere ned litt forskjellig, som eg delte med dei andre på gruppa i dag i Google dokumentet som vi har oppretta for å skrive inn oppgåva i.

I går kveld oppretta eg også ein nettavis - blogg på wordpress.com.  Dereksperimenterte eg litt, og endra temaet på bloggen, som også er ein del av oppgåva, og eg endre topp biletet. I tillegg til dette noterte eg nettadressa i dokumentet som er oppretta i Google Docs. Eg byrja også å finne ut av diverse idear til artiklar som kan vere med i avisa, og notere litt rundt desse for å finne ut av kva eg kunne tenkje meg å skrive om, og som kunne vere passande å ha med i ei nettavis.