søndag 8. mars 2009
Arbeid med A2
Eg har denne helga jobba med artiklane mine som skal produserast i mi nettavis. Eg har skrive om bruk av media og dataspel. Dette valgte eg å skrive om for det er relevant til det som vi no har om i studiet. Det er noko som vi har lært litt om, og som eg føler at er eit interessant tema å sjå litt nærmare på. Avisproduksjon kan vere ein vanskeleg prosess for det er så mykje som skal passe saman. Avisa skal ha eit bra design som kan fengje lesaren, samtidig som at stoffet som blir presentert skal ha relevans og artiklane skal treffe med både rett sjanger og ein skal ha så mange av relevane nyheitskriterier inn i biletet som ein kan for at dei skal vere interessante å lese. Så dette er ein prøvelse, men ein kan også lære mykje av det, og det kan difor vere ein nyttig erfaring å ta med seg om ein skal byrje å undervise i skulen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar