fredag 20. mars 2009

Samling 19. og 20. mars

Vi var i gjen samla til samling i DKL104 torsdag frå 17.00 - 21.00, og fredag frå 09.00 - 16.00. Vi byrja torsdagen med litt praktisk informasjon om film og filmanalyse. Deretter hadde vi litt om filmteknikkar, og deretter fekk vi ei oppgåve i å lage ein liten filmsnutt. Vi vart delte inn i smågrupper, så gjekk vi ut å filma det vi ville, og viste det  etterpå til resten av klassa. Når vi hadde sett filmane vart vi delte inn i nye grupper, og fekk ei ny oppgåva. Vi skulle trekkje oss eit ordtak, og lage ein liten film der vi illustrerte ordtaket ved hjelp av film. Resten av torsdagen gjekk til å lage storybord til denne filmen som vi skulle filme på fredag. Gruppa var eg, Linda og Marita. Men Marita kom ikke på fredagen, så vi fekk Kristin istadenfor.

Så det var det første vi byrja med fredagen. Vi fekk fram til kvart på 12 å spele inn filmen. Når dette så var gjort, skulle vi føre over filmen frå videokameraet, og redigere den i MovieMaker. Her klipte vi den til, og limte slik at det blei ein heilheitleg film. I tillegg la vi til effektar der det passa, slik at folk kunne forstå bodskapen utan replikkar. Vi la også til nokon lydeffektar for å få fram eit tydelegare bilete i filmen. Etter at dette var gjort viste vi filmane i klassa, og kommenterte kvarandre sine filmar.

Mine tankar rundt dette:

Eg tykte dette var eit interessant tema å jobbe med. Det er noko som eg ikkje har prøvd så mykje før, og det var interessant å lære noko nytt. Dette er noko eg kunne tenkt meg å ha litt betre tid å jobbe med, for eg føler at det blei for lite tid til det. Vi fekk ikkje gå skikkeleg i dybda av dette emnet i løpet av desse to dagane, så eg kunne godt tenkt meg å ha eit par dagar til til dette. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar