fredag 6. mars 2009

Samling i DKL102 Fredag 06.03. 2009

Vi var igjen samla til samling frå 09.00 - 15.30. Vi byrja med å avslutte oppgåva vi byrja på i går. Men det gjekk ikkje heilt slik det skulle med gruppa vår i dag.  Når vi prøvde å laste opp bileta våre i Google Earth så var det berre ein av oss som fekk dette til. På grunn av dette fekk vi ikkje fullført oppgåva på den måten vi ville.  Etter at vi hadde jobba med oppgåva ei stund, var det klart for framføring. Alle gruppene framførte sitt opplegg. På denne måten fekk vi sjå korleis andre tenkte rundt denne oppgåva, og fekk sjå forskjellige måtar å løyse den på.  Deretter fekk vi høyre litt om pedagogisk programvare, før vi gjekk over til å ha om Google Sketchup. Vi fekk i oppgåve i samband med dette å lage vårt eige hus i Google Sketchup.  Dette gjekk for so vidt greit. Eg har frå før jobba med å lage teikningar av hus i dette programmet, så det var ikkje heilt nytt, men det var morosamt å få friska opp att slike ting, og samtidig plukke opp nye tips for korleis ein kan løyse dette problemet. På slutten av dagen gjekk vi fort gjennom bruk av dataspel i bruk i undervisning, og så fekk vi prøve eit spel som heiter Bridge Construction demo. Dette var eit spel som gjekk ut på å bygge ei bru over ei elv utan at brua datt saman. Dette var eit vanskeleg spel. Ein måtte verkeleg tenkje for å klare å byggje bruene utan at dei datt saman. Så eg vil seie at dette er eit spel ein kan lære av, og eg vil tru at ein kan nå læringsmål i for eksempel matematikk gjennom bruk av dette. Så ein kan spørje seg sjølv eit spørsmål; passar det seg med dataspel i undervisningssamanheng? Eg føler ikkje at ein berre kan seie ja eller nei til eit slikt spørsmål. Det kjem heilt an på spelet og kva læringsmoglegheiter dette har, og det kjem heilt an på korleis klassa er. Så eg føler at bruk av spel i undervisning må kunne vurderast ut ifrå kvart enkelt tilfelle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar