mandag 27. april 2009

KONKRETE ARBEIDSMÅTER SOM KAN STØTTE OPP OM DET VI VET OM BARN OG UNGES MEDIEBRUK

Datamaskiner blir meir og meir integrert i barn og unge sin kvardag. Dei tilbring meir tid ved datamaskinene enn før. Dei gjer leksene ved hjelp av data, dei spelar på datamaskina, dei høyrer på musikk, ser film og gjer mykje anna. Det som ein no har lært om unge sin bruk av datamaskiner kan ein ta nytte av og vinkle det over til å bruke det for å stimulere til læring i staden. No for tida er det monge dataspel på markedet. Alle desse spela er ikkje berre ein negativ ting. Ein kan bruke ein del av desse for å stimulere til læring. På ei av samlingane fekk vi prøve eit slikt spel; Bridge construction demo. Dette kan nyttast i matematikk – timane. Det var eit vanskeleg spel tykkjer eg, og det set verkeleg tankane i sving. Så dette føler eg er ein bra arbeidsmetode å ta i bruk med elevane i undervisninga. Sidan det no står i læreplanane at det skal meir bruk av digitale medier inn i undervisninga, er dette ein fin måte å få bruk av datamaskiner inn i matematikken. 

Vidare er der forskjellige metoder ein kan ta i bruk for å få digitale medier i bruk i skulen. Det at barn og unge mykje brukar datamaskina til film og musikk, kvifor ikkje kombinere desse to elementa, og få borna til å lage film og deretter setje musikk til filmen. Filmen kan vere noko dei filmar sjølv, eller dei kan laga den ved hjelp av for eksempel Xtranormal. Dette kan verke motiverande, fordi dei utfører noko som dei kjenner att, noko som dei er opptatt av på fritida også. Mest moglegheiter har ein kanskje om ein let elevane lage sin eigen film. Dei kan ved dette lage sitt eige manus med si eiga historie. Dei får også erfaring i å lage storyboard ved hjelp av datamaskiner. Vidare får dei erfaring i å bruke filmredigeringsprogram. Også vidare kan dei leggje til dei effektene dei føler passar, altså musikk eller tale, alt etter kva dei vil oppnå. 

Om ein vil ta i bruk datamaskin i undervisning, har ein uendelege moglegheiter. Det er i grunnen berre fantasien som set grenser, og så klart læreplanane. Om ein er lærar i ei klasse kan ein få seg eit inntrykk i kva elevane brukar å gjere på fritida med datamaskina, og kva som interesserer dei. Dette gjer at ein kan byggje undervisningsopplegg ut i frå dette, og finne eit som passar til sin spesielle klasse.

Tankar rundt design

Design kan vere eit fasinerande tema. Om ein går inn på ein nettside, så er det utsjånaden ein først legg merke til. Om det ein ser ikkje fasinerar ein, så er det veldig lett å berre klikke bort denne sida og dermed ikkje lese vidare. Dette er det som gjer at design er viktig for å få lesarar, både når det gjeld aviser og forskjellige nettsider. Korleis ein vel å designe det ein vil lage er med andre ord ganske viktiig føler eg. Det er det som vil fange lesaren, og med dette sikre at ein får fleire lesarar inn på denne sida, avisa eller det ein lagar. Om ein først har klart å fengje ein person sprer ryktet seg, og på denne måten kan ein få fleire lesarar og distribuere det ein vil gjennom det ein lagar og skriv. 

Det ein må tenkje på når det gjeld design er at ikkje alle har same smak. Derfor treng ikkje  det som fengjer ein person, å fengje ein annan person. Det ein då kan gjere for å fengje flest mogleg poteniselle lesarar, er å følgje spesielle retningslinjer når det kjem til designet. Det første ein må tenkje på er kva bodskap ein vil ha fram. Designet skal ikkje ta oppmerksamheita bort frå bodskapen, men heller vere med på å forsterke dette. Det er derfor viktig å tenkje nøye gjennom bodskapen først, også byggje på dette når ein byrjar å utforme designet. For å få fram designet på ein hensiktsmessig måte er det diverse ting ein kan gjere for å få fram dette på ein ordentleg måte. Ein kan bruke kontrast. Dette kan vere med på å skape liv i uttrykket. Om ein tek i bruk kontrastar tek ein to motsetningar og set dei saman til eit bilete. Det kan ofte vere spanande å prøve ut, men ein må vere forsiktig med å ikkje overdrive det, for då kan inntrykket ein vil gi bli galt. 

Ein annan ting ein kan gjere for å få eit bra visuellt design, er å få det til å sjå ut som om ein har bevegelse i biletet. Når blikket glid over det ein har laga, ser det ut som om det er bevegelse mellom elementa som fins på skjermen. Dette kan vere med på å skape eit mjukt bilete som er harmonisk å leggje augene på. Og dette er noko som er positivt, for då kan ein lettare fengje lesaren til å fortsette å lese på denne nettstaden ein har laga. Vidare må ein skape balanse i biletet. Det kan ikkje vere for mykje på eine sida i forhald til  den andre, for då kan det bli vanskeleg å kvile augene på dette, og på denne måten kan det hende at lesaren ikkje er interessert i å sjå på denne sida lenger. 

Til slutt må ein sjå på designet i heilheit. Alt må passe saman for at det skal sjå bra ut. Om det vert ubalanse i det ein har designa, kan dette verke forstyrrande når ein skal leggje augene på det. Det er altså viktig å tenkje igjennom ting når ein skal designe noko. Ein må passe på at det er balanse i alt, og at det er harmonisk for auge å sjå på.

søndag 26. april 2009

Bruk av tankekart


I DKL102 hadde vi om tenkjeverkty. Ved hjelp av å bruke tankekart laga vi oss som gruppe eit tankekort ved hjelp av Mindomo. Her skulle vi ta føre oss forskjellige nettsider som omhandla Sosial Web og skrive litt om dei i forhald til nokon punkt som vi følte passa inn her. 
Her er eit utsnitt tatt i Jing over det tankekartet vi laga oss. 

Mine tankar rundt bruk av Mindomo og tankekart:

Mindomo har eit heilt greit utgangspunkt om ein vil lage tankekart. På dette føler eg at der enklare å lage åleine enn saman som gruppe. Det var vanskeleg for heile gruppa å jobbe saman i same tankekartet. Fleire fekk då beskjed om at dei ikkje hadde skriverett. Så vi fann ut at det var best å jobbe saman, men med berre ein som skreiv inn i tankekartet. Dette er noko ein må ta hensyn til dersom ein anbefalar at elevane skal ta dette i bruk i skulen. Ein kan ikkje forvente at elevane kan finne ein løysing på det dersom ein ikkje klarer å gjere dette sjølv. Men om ein skal jobbe berre to og to kan dette vere ein veldig bra løysing å ta i bruk tankekart. På denne måten kan begge parter kome med innspel på kva dei vil ha med i det dei skriv om, og på denne måten kan dei verte einige om kva som skal vere med i produktet dei lagar. 

Så klart kan tankekart vere med på å gjere slikt for ei større gruppe også. Sjølv om det kan vere enklare å ta det på papir sidan Mindomo ikkje er laga for at fleire skal vere inne og redigere samtidig. Men så klart kan det finnast forskjellige løysingar på dette også. Om gruppa avtaler seg i mellom at to og to redigerer i gongen, så kan alle få forsøke å skrive inn det dei vil ha med i tankekartet og denne prosessen. På denne måten kan alle få kome med innspel og vere med på å kome fram til ei løysing på det problemet ein vil løyse. 

Tankekart er ein innleiande prosess i dei fleste oppgåver. Det er alltid lurt å byrje med å lage seg eit tankekart rundt dei oppgåvene ein får, for på denne måten kan ein finne ein tilfredsstillande tolkning på den oppgåva ein skal finne ei løysing på. Derfor er det viktig å lære elevane å bruke tankekart. Og sidan meir og meir undervisning foregår på Internett, kan bruk av Mindomo vere med på å få IKT meir inn i undervisninga. 

lørdag 25. april 2009

A3


No er A3 innlevert. Og på grunn av tilfeller innan gruppa fekk vi samarbeide om å lage film og oppgåva. Det vart laga manus og storyboard, og filmen vart eit bra resultat. Her er ei lenkje til kvar du finn filmen som vart laga. 

Tankar rundt bruk av film:

Om ein vil ta i bruk film i undervisninga trur eg kan verke motiverande på elevane. Det er ein spanande prosess, og det tek ein veg utanom den vanlege klasseromsundervisninga. Eg trur at det kan verke interessant og morosamt på  elevane. Når noko verkar fengjande på ein elev kan dette føre til at han eller ho yter meir, og dermed er dei meir engasjerte. Dette kan føre læring, og dermed er det med på å nå kompetansemåla som ein vil oppnå gjennom bruk av film.

fredag 24. april 2009

Samling Torsdag 23. april i DKL104

Vi var i kveld torsdag 23. april samla til samling igjen. Idag fekk vi ein gjennomgang i prosjektmål og problemstilling, sidan begge gruppene i dette delemnet følte at dei ikkje meistra dette heilt. I tillegg hadde vi responsgrupper der vi samla oss ein frå kvar gruppe og gav respons til kvarandre si oppgåve som ein skal ha til eksamen pluss prosjektplanen. Og vi jobba litt i grupper for å jobbe med eksamensoppgåva.

Det er greit å få respons frå andre. Ein kan då få ein annan sitt synspunkt på det arbeidet ein har gjort, og på denne måten kan ein få nye idear til kva ein kan ha med i ei oppgåve.

torsdag 23. april 2009

Bruk av Xtranormal



Dette var eit fasinerande program å jobbe med. Eit slikt program er noko eg kan sjå føre meg kan føre til stor begeistring og motivasjon om ein tek det i bruk i skulen. Det er ikkje noko ein til dagleg gjer i skulesamanheng, men det er likevel noko som kan gjere at ein engasjerer elevane. Når ein brukar Xtranormal så tek ein i bruk fleire måtar å uttrykkje seg på i ein gong. Når ein brukar Xtranormal lager ein film. Ein må då lage sine eigne rollefigurar og omgivelsane dei er i. Ein må også lage eit manus. Altså ein må skrive ned det dei forskjellige rollefigurane skal seie. Deretter må ein lage filmen. Etterpå kan ein velje om ein vil publisere filmen, eller om ein vil halde den upublisert slik at det berre er du som kan sjå den. 

Noko eg føler var litt dumt med dette programmet var for det første at det ikkje fantest på norsk. I alle fall ikkje som eg kunne få til. Dette gjer at ein avgrensar seg litt. Då kan ikkje elevane vere under ein viss alder, for det er ikkje alle som meistrar engelsk i like stor grad. I tillegg var det litt trist at figurane prata i same tonefallet heile tida. Det skulle gått an å få fram forskjellige sinnstemningar, og på denne måten verkeleg å kunne formidle ein bodskap om ein vil det. Men det vertlitt vanskeleg når det ikkje kan endrast på tonefallet til «skodespelarane».

Her er ei lenkje til videoen eg laga då eg prøvde ut Xtranormal.

tirsdag 21. april 2009

Arbeid med artiklane til eksamen

Eg har i går og i dag jobba med eine av artiklane som skal inn i nettavisa vi som gruppe skal lage til eksamen. Eg har valgt å gå i djupna av artikkelen denne gongen, så eg gjorde monge endringar. No er det berre bileta som manglar, så føler eg at denne artikkelen byrjar å ta form. Forrige gong valgde eg å skrive det som ein reportasje. Denne gongen skreiv eg den som ein bakgrunnsartikkel. Det vart mykje meir informasjon som kom fram, mykje meir fakta. Og dette er noko som kjenneteiknar ein bakgrunnsartikkel. "Bakgrunnsartikkelen skal bringe fakta, historie, økonomi eller politikk på en slik måte at selv den leseren som i utgangspunktet ikke kjenner stoffet, skal få med seg hva det gjelder." Det var det eg prøvde å få fram i den artikkelen. Når eg då finn bileter er den i alle fall klar for respons frå dei andre på gruppa.