torsdag 23. april 2009

Bruk av Xtranormal



Dette var eit fasinerande program å jobbe med. Eit slikt program er noko eg kan sjå føre meg kan føre til stor begeistring og motivasjon om ein tek det i bruk i skulen. Det er ikkje noko ein til dagleg gjer i skulesamanheng, men det er likevel noko som kan gjere at ein engasjerer elevane. Når ein brukar Xtranormal så tek ein i bruk fleire måtar å uttrykkje seg på i ein gong. Når ein brukar Xtranormal lager ein film. Ein må då lage sine eigne rollefigurar og omgivelsane dei er i. Ein må også lage eit manus. Altså ein må skrive ned det dei forskjellige rollefigurane skal seie. Deretter må ein lage filmen. Etterpå kan ein velje om ein vil publisere filmen, eller om ein vil halde den upublisert slik at det berre er du som kan sjå den. 

Noko eg føler var litt dumt med dette programmet var for det første at det ikkje fantest på norsk. I alle fall ikkje som eg kunne få til. Dette gjer at ein avgrensar seg litt. Då kan ikkje elevane vere under ein viss alder, for det er ikkje alle som meistrar engelsk i like stor grad. I tillegg var det litt trist at figurane prata i same tonefallet heile tida. Det skulle gått an å få fram forskjellige sinnstemningar, og på denne måten verkeleg å kunne formidle ein bodskap om ein vil det. Men det vertlitt vanskeleg når det ikkje kan endrast på tonefallet til «skodespelarane».

Her er ei lenkje til videoen eg laga då eg prøvde ut Xtranormal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar