fredag 3. april 2009

Informasjonskompetanse 3. Øvingsoppgåve 2.

Kjeldekritisk vurdering av allaboutexplorers.com
Det første som slo meg er at forfattaren ikkje har med kjelder. Eg føler at om det ikkje blir oppgitt kor han har funnet dei forskjellige opplysningane. For at ein skal kunne føle seg vel med å bruke slike opplysningar må ein kunne føle seg trygg på kjeldene for å kunne bruke dei i ei eventuell oppgåve for eksempel. Så dette føler eg ikkje kan vere ein veldig seriøs nettstad.

Om ein vidare ser nærmare på opplysningane så er dei heller ikkje så korrekte som ein kan forvente. Eg såg nærmare på opplysningssida om Christopher Columbus og der vil eg seie at der var ein del ukorrekte opplysningar. Han er for eksempel ikkje født i 1951, og heller ikkje i Australia, så vidt eg veit. Denne personen har eg litt kjennskap til frå før, og eg veit derfor at han var født seint på 1400 – talet, så dette gjer at eg heller ikkje vil velge å tru så mykje på resten som er skrive.

Noko anna som eg vil peike på er at det ikkje er oppgitt nokon forfattar. Dette er med på å skape eit inntrykk av at nettstaden ikkje er seriøs. Når det ikkje er oppgitt nokon forfattar så veit ein ikkje kven som har skrive det, og då kan det vere at det ikkje er så korrekte opplysningar som ein kan forvente. Og det er alltid lurt å dobbeltsjekke med andre nettstadar når ein ikkje kan finne ein forfattar.

Korleis bruke denne nettstaden for å lære elevane om kjeldekritikk?
Om ein tek i utgangspunkt i webquest – delen på http://allaboutexplorers.com så kan ein lage nokon spørsmål om dei forskjellige personane ein kan finne på denne sida som dei skal finne opplysningar på. Ein kan då på same måten som på denne sida, gi opp to sider. Om ein tek utgongspunkt i Christopher Columbus då, og bruker same sidene som på denne sida, så vert dette:

 - http://allaboutexplorers.com/explorers/columbus.html

 - http://www.enchantedlearning.com/explorers/page/c/columbus.shtml

Så kan ein då gi elevane i oppgåve å gi ei kjeldekritisk vurdering av nettstaden allaboutexplorers.com, ved at dei då har ein annan nettstad å samanlikne med. Då vil eg tru at dei kjem ganske fort fram til den andre nettsida er mykje meir informativ, og kan kallast meir korrekt enn den første. Om ein kastar eit blikk på den, tykkjer eg at det viser seg fort kva av dei som kan verke mest seriøs og som gir mest korrekt informasjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar