
I DKL102 hadde vi om tenkjeverkty. Ved hjelp av å bruke tankekart laga vi oss som gruppe eit tankekort ved hjelp av Mindomo. Her skulle vi ta føre oss forskjellige nettsider som omhandla Sosial Web og skrive litt om dei i forhald til nokon punkt som vi følte passa inn her.
Her er eit utsnitt tatt i Jing over det tankekartet vi laga oss.
Mine tankar rundt bruk av Mindomo og tankekart:
Mindomo har eit heilt greit utgangspunkt om ein vil lage tankekart. På dette føler eg at der enklare å lage åleine enn saman som gruppe. Det var vanskeleg for heile gruppa å jobbe saman i same tankekartet. Fleire fekk då beskjed om at dei ikkje hadde skriverett. Så vi fann ut at det var best å jobbe saman, men med berre ein som skreiv inn i tankekartet. Dette er noko ein må ta hensyn til dersom ein anbefalar at elevane skal ta dette i bruk i skulen. Ein kan ikkje forvente at elevane kan finne ein løysing på det dersom ein ikkje klarer å gjere dette sjølv. Men om ein skal jobbe berre to og to kan dette vere ein veldig bra løysing å ta i bruk tankekart. På denne måten kan begge parter kome med innspel på kva dei vil ha med i det dei skriv om, og på denne måten kan dei verte einige om kva som skal vere med i produktet dei lagar.
Så klart kan tankekart vere med på å gjere slikt for ei større gruppe også. Sjølv om det kan vere enklare å ta det på papir sidan Mindomo ikkje er laga for at fleire skal vere inne og redigere samtidig. Men så klart kan det finnast forskjellige løysingar på dette også. Om gruppa avtaler seg i mellom at to og to redigerer i gongen, så kan alle få forsøke å skrive inn det dei vil ha med i tankekartet og denne prosessen. På denne måten kan alle få kome med innspel og vere med på å kome fram til ei løysing på det problemet ein vil løyse.
Tankekart er ein innleiande prosess i dei fleste oppgåver. Det er alltid lurt å byrje med å lage seg eit tankekart rundt dei oppgåvene ein får, for på denne måten kan ein finne ein tilfredsstillande tolkning på den oppgåva ein skal finne ei løysing på. Derfor er det viktig å lære elevane å bruke tankekart. Og sidan meir og meir undervisning foregår på Internett, kan bruk av Mindomo vere med på å få IKT meir inn i undervisninga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar