Design kan vere eit fasinerande tema. Om ein går inn på ein nettside, så er det utsjånaden ein først legg merke til. Om det ein ser ikkje fasinerar ein, så er det veldig lett å berre klikke bort denne sida og dermed ikkje lese vidare. Dette er det som gjer at design er viktig for å få lesarar, både når det gjeld aviser og forskjellige nettsider. Korleis ein vel å designe det ein vil lage er med andre ord ganske viktiig føler eg. Det er det som vil fange lesaren, og med dette sikre at ein får fleire lesarar inn på denne sida, avisa eller det ein lagar. Om ein først har klart å fengje ein person sprer ryktet seg, og på denne måten kan ein få fleire lesarar og distribuere det ein vil gjennom det ein lagar og skriv.
Det ein må tenkje på når det gjeld design er at ikkje alle har same smak. Derfor treng ikkje det som fengjer ein person, å fengje ein annan person. Det ein då kan gjere for å fengje flest mogleg poteniselle lesarar, er å følgje spesielle retningslinjer når det kjem til designet. Det første ein må tenkje på er kva bodskap ein vil ha fram. Designet skal ikkje ta oppmerksamheita bort frå bodskapen, men heller vere med på å forsterke dette. Det er derfor viktig å tenkje nøye gjennom bodskapen først, også byggje på dette når ein byrjar å utforme designet. For å få fram designet på ein hensiktsmessig måte er det diverse ting ein kan gjere for å få fram dette på ein ordentleg måte. Ein kan bruke kontrast. Dette kan vere med på å skape liv i uttrykket. Om ein tek i bruk kontrastar tek ein to motsetningar og set dei saman til eit bilete. Det kan ofte vere spanande å prøve ut, men ein må vere forsiktig med å ikkje overdrive det, for då kan inntrykket ein vil gi bli galt.
Ein annan ting ein kan gjere for å få eit bra visuellt design, er å få det til å sjå ut som om ein har bevegelse i biletet. Når blikket glid over det ein har laga, ser det ut som om det er bevegelse mellom elementa som fins på skjermen. Dette kan vere med på å skape eit mjukt bilete som er harmonisk å leggje augene på. Og dette er noko som er positivt, for då kan ein lettare fengje lesaren til å fortsette å lese på denne nettstaden ein har laga. Vidare må ein skape balanse i biletet. Det kan ikkje vere for mykje på eine sida i forhald til den andre, for då kan det bli vanskeleg å kvile augene på dette, og på denne måten kan det hende at lesaren ikkje er interessert i å sjå på denne sida lenger.
Til slutt må ein sjå på designet i heilheit. Alt må passe saman for at det skal sjå bra ut. Om det vert ubalanse i det ein har designa, kan dette verke forstyrrande når ein skal leggje augene på det. Det er altså viktig å tenkje igjennom ting når ein skal designe noko. Ein må passe på at det er balanse i alt, og at det er harmonisk for auge å sjå på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar