torsdag 16. april 2009
Arbeid med nettsida
Eg har denne veka; tysdag, onsdag og i dag jobba med å oppdatere nettstaden min og gjere den klar til godkjenninga som skal skje no i slutten av månaden. Eg har jobba med bakgrunn, lasta opp filer, og laga til dei enkelte undersidene slik at dei presenterer stoffet på ein best mogleg måte. Sidan dette er eit arbeidskrav for å få gå opp til eksamen vil eg at det skal vere best mogleg. Samtidig vil eg vise at eg har lært noko i løpet av studiet, og ville på best mogleg måte vise dette gjennom det som kom fram i nettstaden. Sjølvsagt er mykje notert i bloggen også, men det er greit at dei kan gå litt over i kvarandre slik at der er ein raud tråd sidan dei heng saman på ein måte. Derfor føler eg at det kan vere greit å leggje ned ein del arbeid både her i bloggen og i nettstaden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar