tirsdag 21. april 2009
Arbeid med artiklane til eksamen
Eg har i går og i dag jobba med eine av artiklane som skal inn i nettavisa vi som gruppe skal lage til eksamen. Eg har valgt å gå i djupna av artikkelen denne gongen, så eg gjorde monge endringar. No er det berre bileta som manglar, så føler eg at denne artikkelen byrjar å ta form. Forrige gong valgde eg å skrive det som ein reportasje. Denne gongen skreiv eg den som ein bakgrunnsartikkel. Det vart mykje meir informasjon som kom fram, mykje meir fakta. Og dette er noko som kjenneteiknar ein bakgrunnsartikkel. "Bakgrunnsartikkelen skal bringe fakta, historie, økonomi eller politikk på en slik måte at selv den leseren som i utgangspunktet ikke kjenner stoffet, skal få med seg hva det gjelder." Det var det eg prøvde å få fram i den artikkelen. Når eg då finn bileter er den i alle fall klar for respons frå dei andre på gruppa.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar