onsdag 15. april 2009

Sanna Tryggs utsegn

Utgangspunkt i Sanna Tryggs utsegn. Enig eller uenig?
«Skolen bør satse på mediekritikk allerede i barneskolen.» (Sanna Trygg)

Eg vil seie meg einig i denne uttalelsen. Skulen burde satse på mediekritikk allereide i barneskulen. Born blir yngre og yngre når dei blir kjende med data og informasjonssøk på Internett osv. Det er då viktig at skulen er med på å støtte opp dette, og gjer slik at dei kan vere kritiske til det dei les, og er oppmerksame på det som kjem fram i dei sidene som verkeleg er relevante og kjem med god informasjon til borna. På grunn av dette føler eg at det er viktig å byrje med mediekritikk allereide i barneskulen. Moglegvis er det ikkje viktig med ein gong borna byrjar på barneskulen, for det er ikkje alle born som kan lese og skrive når dei byrjar på skulen. Då er dette viktigare å fokusere på enn kjeldekritikk. Men når ein byrjar å bruke Internett som informasjonssenter i underisninga, bør ein byrje med mediekritikk slik at dei kan velje ut dei kjeldene som er relevante, og dei kjeldene som er «ubetydelege».

Born tenkjer ikkje alltid over kva dei søkjer på når dei søkjer på Internett. Og dei tenkjer i alle fall ikkje over kva innhald som er i teksten. Det er derfor viktig å byrje med å lære borna om dette så tidleg som mogleg, og helst når dei byrjar å søkje etter ting på Internett. Samtidig er det viktig å lære dei at det ikkje er lov til å kopiere ting frå Internett og bruke dette i sine eigne oppgåver eller publiserte ting. Desse er beskytta, og derfor skal det ikkje brukast. Så dette er absolutt ein grunn til å lære borna om bruk av Internett så tidleg som mogleg. 

Så eg vil påstå at det er lurt av skulen å satse tidleg på mediekritikk, slik at borna kan lære seg dette frå tidleg alder, og dermed får dei meir og meir erfaring. Når dei då blir så gamle at det er ei nødvendigheit å søkje opp informasjon på Internett, så veit dei kva slags kjelder dei skal bruke, og kva informasjon som er relevant og kva slags informasjon som ikkje kan brukast. Noko som i seinare tid kan avgjere om dei står på ei oppgåve for eksempel. Eller at dei kan klare å skilje informasjonskjeldene frå kvarandre. Det er i alle fall i mitt synspunkt viktig å byrje med kjeldekritikk så tidleg som mogleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar