mandag 27. april 2009

KONKRETE ARBEIDSMÅTER SOM KAN STØTTE OPP OM DET VI VET OM BARN OG UNGES MEDIEBRUK

Datamaskiner blir meir og meir integrert i barn og unge sin kvardag. Dei tilbring meir tid ved datamaskinene enn før. Dei gjer leksene ved hjelp av data, dei spelar på datamaskina, dei høyrer på musikk, ser film og gjer mykje anna. Det som ein no har lært om unge sin bruk av datamaskiner kan ein ta nytte av og vinkle det over til å bruke det for å stimulere til læring i staden. No for tida er det monge dataspel på markedet. Alle desse spela er ikkje berre ein negativ ting. Ein kan bruke ein del av desse for å stimulere til læring. På ei av samlingane fekk vi prøve eit slikt spel; Bridge construction demo. Dette kan nyttast i matematikk – timane. Det var eit vanskeleg spel tykkjer eg, og det set verkeleg tankane i sving. Så dette føler eg er ein bra arbeidsmetode å ta i bruk med elevane i undervisninga. Sidan det no står i læreplanane at det skal meir bruk av digitale medier inn i undervisninga, er dette ein fin måte å få bruk av datamaskiner inn i matematikken. 

Vidare er der forskjellige metoder ein kan ta i bruk for å få digitale medier i bruk i skulen. Det at barn og unge mykje brukar datamaskina til film og musikk, kvifor ikkje kombinere desse to elementa, og få borna til å lage film og deretter setje musikk til filmen. Filmen kan vere noko dei filmar sjølv, eller dei kan laga den ved hjelp av for eksempel Xtranormal. Dette kan verke motiverande, fordi dei utfører noko som dei kjenner att, noko som dei er opptatt av på fritida også. Mest moglegheiter har ein kanskje om ein let elevane lage sin eigen film. Dei kan ved dette lage sitt eige manus med si eiga historie. Dei får også erfaring i å lage storyboard ved hjelp av datamaskiner. Vidare får dei erfaring i å bruke filmredigeringsprogram. Også vidare kan dei leggje til dei effektene dei føler passar, altså musikk eller tale, alt etter kva dei vil oppnå. 

Om ein vil ta i bruk datamaskin i undervisning, har ein uendelege moglegheiter. Det er i grunnen berre fantasien som set grenser, og så klart læreplanane. Om ein er lærar i ei klasse kan ein få seg eit inntrykk i kva elevane brukar å gjere på fritida med datamaskina, og kva som interesserer dei. Dette gjer at ein kan byggje undervisningsopplegg ut i frå dette, og finne eit som passar til sin spesielle klasse.

Tankar rundt design

Design kan vere eit fasinerande tema. Om ein går inn på ein nettside, så er det utsjånaden ein først legg merke til. Om det ein ser ikkje fasinerar ein, så er det veldig lett å berre klikke bort denne sida og dermed ikkje lese vidare. Dette er det som gjer at design er viktig for å få lesarar, både når det gjeld aviser og forskjellige nettsider. Korleis ein vel å designe det ein vil lage er med andre ord ganske viktiig føler eg. Det er det som vil fange lesaren, og med dette sikre at ein får fleire lesarar inn på denne sida, avisa eller det ein lagar. Om ein først har klart å fengje ein person sprer ryktet seg, og på denne måten kan ein få fleire lesarar og distribuere det ein vil gjennom det ein lagar og skriv. 

Det ein må tenkje på når det gjeld design er at ikkje alle har same smak. Derfor treng ikkje  det som fengjer ein person, å fengje ein annan person. Det ein då kan gjere for å fengje flest mogleg poteniselle lesarar, er å følgje spesielle retningslinjer når det kjem til designet. Det første ein må tenkje på er kva bodskap ein vil ha fram. Designet skal ikkje ta oppmerksamheita bort frå bodskapen, men heller vere med på å forsterke dette. Det er derfor viktig å tenkje nøye gjennom bodskapen først, også byggje på dette når ein byrjar å utforme designet. For å få fram designet på ein hensiktsmessig måte er det diverse ting ein kan gjere for å få fram dette på ein ordentleg måte. Ein kan bruke kontrast. Dette kan vere med på å skape liv i uttrykket. Om ein tek i bruk kontrastar tek ein to motsetningar og set dei saman til eit bilete. Det kan ofte vere spanande å prøve ut, men ein må vere forsiktig med å ikkje overdrive det, for då kan inntrykket ein vil gi bli galt. 

Ein annan ting ein kan gjere for å få eit bra visuellt design, er å få det til å sjå ut som om ein har bevegelse i biletet. Når blikket glid over det ein har laga, ser det ut som om det er bevegelse mellom elementa som fins på skjermen. Dette kan vere med på å skape eit mjukt bilete som er harmonisk å leggje augene på. Og dette er noko som er positivt, for då kan ein lettare fengje lesaren til å fortsette å lese på denne nettstaden ein har laga. Vidare må ein skape balanse i biletet. Det kan ikkje vere for mykje på eine sida i forhald til  den andre, for då kan det bli vanskeleg å kvile augene på dette, og på denne måten kan det hende at lesaren ikkje er interessert i å sjå på denne sida lenger. 

Til slutt må ein sjå på designet i heilheit. Alt må passe saman for at det skal sjå bra ut. Om det vert ubalanse i det ein har designa, kan dette verke forstyrrande når ein skal leggje augene på det. Det er altså viktig å tenkje igjennom ting når ein skal designe noko. Ein må passe på at det er balanse i alt, og at det er harmonisk for auge å sjå på.

søndag 26. april 2009

Bruk av tankekart


I DKL102 hadde vi om tenkjeverkty. Ved hjelp av å bruke tankekart laga vi oss som gruppe eit tankekort ved hjelp av Mindomo. Her skulle vi ta føre oss forskjellige nettsider som omhandla Sosial Web og skrive litt om dei i forhald til nokon punkt som vi følte passa inn her. 
Her er eit utsnitt tatt i Jing over det tankekartet vi laga oss. 

Mine tankar rundt bruk av Mindomo og tankekart:

Mindomo har eit heilt greit utgangspunkt om ein vil lage tankekart. På dette føler eg at der enklare å lage åleine enn saman som gruppe. Det var vanskeleg for heile gruppa å jobbe saman i same tankekartet. Fleire fekk då beskjed om at dei ikkje hadde skriverett. Så vi fann ut at det var best å jobbe saman, men med berre ein som skreiv inn i tankekartet. Dette er noko ein må ta hensyn til dersom ein anbefalar at elevane skal ta dette i bruk i skulen. Ein kan ikkje forvente at elevane kan finne ein løysing på det dersom ein ikkje klarer å gjere dette sjølv. Men om ein skal jobbe berre to og to kan dette vere ein veldig bra løysing å ta i bruk tankekart. På denne måten kan begge parter kome med innspel på kva dei vil ha med i det dei skriv om, og på denne måten kan dei verte einige om kva som skal vere med i produktet dei lagar. 

Så klart kan tankekart vere med på å gjere slikt for ei større gruppe også. Sjølv om det kan vere enklare å ta det på papir sidan Mindomo ikkje er laga for at fleire skal vere inne og redigere samtidig. Men så klart kan det finnast forskjellige løysingar på dette også. Om gruppa avtaler seg i mellom at to og to redigerer i gongen, så kan alle få forsøke å skrive inn det dei vil ha med i tankekartet og denne prosessen. På denne måten kan alle få kome med innspel og vere med på å kome fram til ei løysing på det problemet ein vil løyse. 

Tankekart er ein innleiande prosess i dei fleste oppgåver. Det er alltid lurt å byrje med å lage seg eit tankekart rundt dei oppgåvene ein får, for på denne måten kan ein finne ein tilfredsstillande tolkning på den oppgåva ein skal finne ei løysing på. Derfor er det viktig å lære elevane å bruke tankekart. Og sidan meir og meir undervisning foregår på Internett, kan bruk av Mindomo vere med på å få IKT meir inn i undervisninga. 

lørdag 25. april 2009

A3


No er A3 innlevert. Og på grunn av tilfeller innan gruppa fekk vi samarbeide om å lage film og oppgåva. Det vart laga manus og storyboard, og filmen vart eit bra resultat. Her er ei lenkje til kvar du finn filmen som vart laga. 

Tankar rundt bruk av film:

Om ein vil ta i bruk film i undervisninga trur eg kan verke motiverande på elevane. Det er ein spanande prosess, og det tek ein veg utanom den vanlege klasseromsundervisninga. Eg trur at det kan verke interessant og morosamt på  elevane. Når noko verkar fengjande på ein elev kan dette føre til at han eller ho yter meir, og dermed er dei meir engasjerte. Dette kan føre læring, og dermed er det med på å nå kompetansemåla som ein vil oppnå gjennom bruk av film.

fredag 24. april 2009

Samling Torsdag 23. april i DKL104

Vi var i kveld torsdag 23. april samla til samling igjen. Idag fekk vi ein gjennomgang i prosjektmål og problemstilling, sidan begge gruppene i dette delemnet følte at dei ikkje meistra dette heilt. I tillegg hadde vi responsgrupper der vi samla oss ein frå kvar gruppe og gav respons til kvarandre si oppgåve som ein skal ha til eksamen pluss prosjektplanen. Og vi jobba litt i grupper for å jobbe med eksamensoppgåva.

Det er greit å få respons frå andre. Ein kan då få ein annan sitt synspunkt på det arbeidet ein har gjort, og på denne måten kan ein få nye idear til kva ein kan ha med i ei oppgåve.

torsdag 23. april 2009

Bruk av Xtranormal



Dette var eit fasinerande program å jobbe med. Eit slikt program er noko eg kan sjå føre meg kan føre til stor begeistring og motivasjon om ein tek det i bruk i skulen. Det er ikkje noko ein til dagleg gjer i skulesamanheng, men det er likevel noko som kan gjere at ein engasjerer elevane. Når ein brukar Xtranormal så tek ein i bruk fleire måtar å uttrykkje seg på i ein gong. Når ein brukar Xtranormal lager ein film. Ein må då lage sine eigne rollefigurar og omgivelsane dei er i. Ein må også lage eit manus. Altså ein må skrive ned det dei forskjellige rollefigurane skal seie. Deretter må ein lage filmen. Etterpå kan ein velje om ein vil publisere filmen, eller om ein vil halde den upublisert slik at det berre er du som kan sjå den. 

Noko eg føler var litt dumt med dette programmet var for det første at det ikkje fantest på norsk. I alle fall ikkje som eg kunne få til. Dette gjer at ein avgrensar seg litt. Då kan ikkje elevane vere under ein viss alder, for det er ikkje alle som meistrar engelsk i like stor grad. I tillegg var det litt trist at figurane prata i same tonefallet heile tida. Det skulle gått an å få fram forskjellige sinnstemningar, og på denne måten verkeleg å kunne formidle ein bodskap om ein vil det. Men det vertlitt vanskeleg når det ikkje kan endrast på tonefallet til «skodespelarane».

Her er ei lenkje til videoen eg laga då eg prøvde ut Xtranormal.

tirsdag 21. april 2009

Arbeid med artiklane til eksamen

Eg har i går og i dag jobba med eine av artiklane som skal inn i nettavisa vi som gruppe skal lage til eksamen. Eg har valgt å gå i djupna av artikkelen denne gongen, så eg gjorde monge endringar. No er det berre bileta som manglar, så føler eg at denne artikkelen byrjar å ta form. Forrige gong valgde eg å skrive det som ein reportasje. Denne gongen skreiv eg den som ein bakgrunnsartikkel. Det vart mykje meir informasjon som kom fram, mykje meir fakta. Og dette er noko som kjenneteiknar ein bakgrunnsartikkel. "Bakgrunnsartikkelen skal bringe fakta, historie, økonomi eller politikk på en slik måte at selv den leseren som i utgangspunktet ikke kjenner stoffet, skal få med seg hva det gjelder." Det var det eg prøvde å få fram i den artikkelen. Når eg då finn bileter er den i alle fall klar for respons frå dei andre på gruppa.

mandag 20. april 2009

Hensyn. Øvingsoppgåve 2.


(Biletet er henta frå leksjonen om hensyn: https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/Doc?id=dg9r76pg_751gn4m34sp)

Kvifor og korleis er det annleis i forhold til reglane i lova med dette biletet?
Med dette biletet er det ikkje borna som er i fokus. Det er sjølve handlinga. Ingen av personane som er i biletet kan gjenkjennast. Andletet deira er ikkje visande, og på denne måten viser det at det er sjølve leiken som dei held på med at fotografen vil framheve. Då trer ikkje reglane i like stor grad fram. Derfor kjem ikkje dette biletet under dei same reglane som det andre vi såg på i samband med denne leksjonen. Her i dette tilfellet er det meir ein leikesituasjon fotografen vil få fram, og det treng dermed ikkje nemnast nokon namn i samband med ei eventuell publisering, og på grunnlag av dette er det ikkje strid på nokon av reglane som gjeld når det er innan personvern, og heller ikkje når det gjeld opphavsrett.

1.Situasjon: Jeg er fortsatt fotograf, og det er fortsatt mine barn. Kunne du da publisere bildet uten tillatelse?

Nei, eg kan ikkje då publisere biletet utan tillatelse. Først hadde eg måttet få tillatelse med fotograf. Ifølgje lova, er det i første omgong fotograf som har retten over biletet, og om det har personar i fokus, må ein få tillatelse først. Både frå personane som er i fokus, og dersom dei er under 15 år, så er det foreldra som bestemmer. Derfor hadde eg ikkje kunna publisert biletet.

2.Situasjon: Du er fotograf, og dette er dine elever. Kunne du da publisere bildet uten tillatelse?
Her kan ein diskutere for og i mot. Det er som dei seier «ingen regel utan unntak». Ein kan publisere biletet dersom det ikkje vert tatt bilete av andletet til ein eller fleire personar, kan ein publisere biletet dersom ein har tatt det sjølv, men på same tid bør ein i alle fall seie i frå til dei personane som det er bilete av før ein publiserer. Ein bør i alle fall vege for og i mot før ein publiserer bilete av elevane sine. Dei kan føle seg svikne. Dersom bilete ikkje viser andletet deira er det ikkje mykje dei kan gjere med det, men ein då miste respekta deira. Så i slike situasjonar er det kanskje lurast å prate med elevane før ein publiserer eit slik bilete, sjølv om det ikkje er nødvendig.


Mine tankar rundt dette:

Når ein ser på kva ein kan publisere og ikkje, er det ofte eit hårfint skilje på kva som er akseptabelt og ikkje. Somme gonger må ein berre føle seg fram til kva som er rett og ikkje. Ein må alltid passe på at ein har lova på si side, og dermed ikkje publisere arbeid som ein ikkje har lov til å publisere. Det er som regel viktig å konferere med den det bli tatt bilete av om dei tykkjer at det er greit av vedkommande legg ut bileter av ein på nett, sjølv om desse bileta ikkje kjem i strid med lova. Det er i alle fall det eg føler. Denne leksjonen har vore lærerik, for det er faktisk ikkje i alle tilfeller ein tenkjer over at det kan vere ulovleg å publisere bileter. Om ein publiserer eit bilete på nettby for eksempel, er det ikkje alltid ein spør vedkommande om det er greit at ein legg ut bileta som ein legg ut, og det kan faktisk vere i strid med personvernslova. Så dette var lærerikt, og noko ein må passe på når ein publiserer ting.

Hensyn. Øvingsoppgåve 1.

Kva slags betydning har personvern og opphavsrett for for eksempel å leggje ut klassebileter på nett?

Klassebileter kan med andre ord ikkje verte lagt ut på nett. Ein må då på førehand ha spurt om løyve med alle som er med på dette biletet, og om dei då i tillegg er under 15 år må ein høyre med foreldra etter løyve også. Om ein skal publisere for eksempel klassebileter kjem det gjerne fram både ansikter og det kan gjerne forekomme at namn kjem ut. Dette kan vere ubehageleg på somme personar, og på denne måten bryt ein med lova. Så lovene er ganske klare på dette. Ein skal alltid spørje om løyve før ein publiserer klassebileter på nett.

I tillegg til dette er det lett å manipulere bileter som er publiserte på nett. Ein kan for eksempel klippe ut andletet til ein person og flytte det over på eit anna bilete, som kanskje kan kome til å skade denne personen, eller i alle fall såre. Så det er alltid lurt å tenkje nøye gjennom før ein gir løyve til at bileter skal bli publiserte på nett, eller sjølv å publisere bileter.

Bygd på informasjon frå: http://www.datatilsynet.no/templates/article____881.aspx
  [Lasta ned: 20.04.2009]

  http://www.datatilsynet.no/templates/Page____2182.aspx
  [Lasta ned: 20.04.2009]

Korleis slår dette ut i forhald til å ta bileter av elevar i læringsarbeidet, på ekskursjonar, på tur, på tilstelningar i skulens regi og andre aktuelle situasjonar der ein ofte tek bileter?

I dette tilfellet gjeld ikkje den same lova. Om det skal brukast berre i skulesamanheng, og ikkje skal publiserast på nett, kan det takast bileter. Det er greit at elevane veit om det, men det står ikkje nokon plass at ein må be foreldra om løyve før ein tek desse bileta og brukar dei kun i skulesamanheng utan nokon publisering. Foreldre brukar i dei fleste tilfelle å like å sjå bileter når ungane deira har vore med på noko spanande, som for eksempel ein ekskursjon. Dei tykkjer det kan vere interessant å sjå kva ungane deira gjer på når dei er på skulen, så dei fleste foreldre har dermed ikkje noko i mot at det blir tatt bileter i slike samanhangar. 

Mine tankar rundt dette:

Personvernslova og opphavsretten er til for å beskytte personar mot at biletet deira skal publiserast utan løyve på Internett.  Då tykkjer eg det er ein bra moglegheit at det fins ei lov som gjer at ein ikkje kan publisere bileter utan  å vere sikker på at det ikkje sjenerer nokon. Det er også slike ting det er greit å lære noko om tykkjer eg, slik at ein ikkje bryt desse reglane sjølv. I den teknologialderen vi lever i no kan det vere greit å vite om slike ting, for meir og meir av kvardagen vår består av datamaskiner og bruk av internett. På grunn av dette må ein kunne om slike reglar for det er lett å leggje ut eit bilete på ei nettside som for eksempel Facebook, utan å tenkje over at det er andre sine andleter ein legg ut og publiserer. Så eg føler det er nyttig for oss å gjennomgå dette slik at vi kan lære andre om dette når vi er ferdig utdanna.

torsdag 16. april 2009

Samling 3 i DKL102

Det har i kveld våre tredje og siste samlinga i DKL102. I dag vart vi delt inn i responsgrupper der vi gav kvarandre respons på mappeoppgåvene vi har gjort i dette studiet. Dette var ein ny og spanande erfaring. Å gi kvarandre respons er noko vi ikkje har gjort så ofte. Det var interessant å prøve. Både det å få lese andre sin måte å løyse dei forskjellige oppgåvene på, og også det å setje seg så nøye inn i dei at ein kan påpeike det som var bra skrive, og ting som den andre personen kunne endre på.  Det vart ei utfordring, men samtidig føler eg at det var lærerikt. Eg fekk gjennom dette nye idear som eg kan gjere før eksamen som nærmar seg meir og meir.

Arbeid med nettsida

Eg har denne veka; tysdag, onsdag og i dag jobba med å oppdatere nettstaden min og gjere den klar til godkjenninga som skal skje no i slutten av månaden.  Eg har jobba med bakgrunn, lasta opp filer, og laga til dei enkelte undersidene slik at dei presenterer stoffet på ein best mogleg måte. Sidan dette er eit arbeidskrav for å få gå opp til eksamen vil eg at det skal vere best mogleg. Samtidig vil eg vise at eg har lært noko i løpet av studiet, og ville på best mogleg måte vise dette gjennom det som kom fram i nettstaden. Sjølvsagt er mykje notert i bloggen også, men det er greit at dei kan gå litt over i kvarandre slik at der er ein raud tråd sidan dei heng saman på ein måte. Derfor føler eg at det kan vere greit å leggje ned ein del arbeid både her i bloggen og i nettstaden. 

onsdag 15. april 2009

Sanna Tryggs utsegn

Utgangspunkt i Sanna Tryggs utsegn. Enig eller uenig?
«Skolen bør satse på mediekritikk allerede i barneskolen.» (Sanna Trygg)

Eg vil seie meg einig i denne uttalelsen. Skulen burde satse på mediekritikk allereide i barneskulen. Born blir yngre og yngre når dei blir kjende med data og informasjonssøk på Internett osv. Det er då viktig at skulen er med på å støtte opp dette, og gjer slik at dei kan vere kritiske til det dei les, og er oppmerksame på det som kjem fram i dei sidene som verkeleg er relevante og kjem med god informasjon til borna. På grunn av dette føler eg at det er viktig å byrje med mediekritikk allereide i barneskulen. Moglegvis er det ikkje viktig med ein gong borna byrjar på barneskulen, for det er ikkje alle born som kan lese og skrive når dei byrjar på skulen. Då er dette viktigare å fokusere på enn kjeldekritikk. Men når ein byrjar å bruke Internett som informasjonssenter i underisninga, bør ein byrje med mediekritikk slik at dei kan velje ut dei kjeldene som er relevante, og dei kjeldene som er «ubetydelege».

Born tenkjer ikkje alltid over kva dei søkjer på når dei søkjer på Internett. Og dei tenkjer i alle fall ikkje over kva innhald som er i teksten. Det er derfor viktig å byrje med å lære borna om dette så tidleg som mogleg, og helst når dei byrjar å søkje etter ting på Internett. Samtidig er det viktig å lære dei at det ikkje er lov til å kopiere ting frå Internett og bruke dette i sine eigne oppgåver eller publiserte ting. Desse er beskytta, og derfor skal det ikkje brukast. Så dette er absolutt ein grunn til å lære borna om bruk av Internett så tidleg som mogleg. 

Så eg vil påstå at det er lurt av skulen å satse tidleg på mediekritikk, slik at borna kan lære seg dette frå tidleg alder, og dermed får dei meir og meir erfaring. Når dei då blir så gamle at det er ei nødvendigheit å søkje opp informasjon på Internett, så veit dei kva slags kjelder dei skal bruke, og kva informasjon som er relevant og kva slags informasjon som ikkje kan brukast. Noko som i seinare tid kan avgjere om dei står på ei oppgåve for eksempel. Eller at dei kan klare å skilje informasjonskjeldene frå kvarandre. Det er i alle fall i mitt synspunkt viktig å byrje med kjeldekritikk så tidleg som mogleg.

fredag 3. april 2009

Informasjonskompetanse 3. Øvingsoppgåve 2.

Kjeldekritisk vurdering av allaboutexplorers.com
Det første som slo meg er at forfattaren ikkje har med kjelder. Eg føler at om det ikkje blir oppgitt kor han har funnet dei forskjellige opplysningane. For at ein skal kunne føle seg vel med å bruke slike opplysningar må ein kunne føle seg trygg på kjeldene for å kunne bruke dei i ei eventuell oppgåve for eksempel. Så dette føler eg ikkje kan vere ein veldig seriøs nettstad.

Om ein vidare ser nærmare på opplysningane så er dei heller ikkje så korrekte som ein kan forvente. Eg såg nærmare på opplysningssida om Christopher Columbus og der vil eg seie at der var ein del ukorrekte opplysningar. Han er for eksempel ikkje født i 1951, og heller ikkje i Australia, så vidt eg veit. Denne personen har eg litt kjennskap til frå før, og eg veit derfor at han var født seint på 1400 – talet, så dette gjer at eg heller ikkje vil velge å tru så mykje på resten som er skrive.

Noko anna som eg vil peike på er at det ikkje er oppgitt nokon forfattar. Dette er med på å skape eit inntrykk av at nettstaden ikkje er seriøs. Når det ikkje er oppgitt nokon forfattar så veit ein ikkje kven som har skrive det, og då kan det vere at det ikkje er så korrekte opplysningar som ein kan forvente. Og det er alltid lurt å dobbeltsjekke med andre nettstadar når ein ikkje kan finne ein forfattar.

Korleis bruke denne nettstaden for å lære elevane om kjeldekritikk?
Om ein tek i utgangspunkt i webquest – delen på http://allaboutexplorers.com så kan ein lage nokon spørsmål om dei forskjellige personane ein kan finne på denne sida som dei skal finne opplysningar på. Ein kan då på same måten som på denne sida, gi opp to sider. Om ein tek utgongspunkt i Christopher Columbus då, og bruker same sidene som på denne sida, så vert dette:

 - http://allaboutexplorers.com/explorers/columbus.html

 - http://www.enchantedlearning.com/explorers/page/c/columbus.shtml

Så kan ein då gi elevane i oppgåve å gi ei kjeldekritisk vurdering av nettstaden allaboutexplorers.com, ved at dei då har ein annan nettstad å samanlikne med. Då vil eg tru at dei kjem ganske fort fram til den andre nettsida er mykje meir informativ, og kan kallast meir korrekt enn den første. Om ein kastar eit blikk på den, tykkjer eg at det viser seg fort kva av dei som kan verke mest seriøs og som gir mest korrekt informasjon.

onsdag 1. april 2009

Informasjonskompetanse 3. Øvingsoppgåve 1.

1. I kva slags by befinner Torvald seg?

Torvald er i Nairobi

2. Kva slags by reiser Torvald til?

Eg trur han reiser til Washington D.C.

3. Kva slags by befinn Tine seg i?

Tine er i Tromsø.

4. Kva slags by reiser Tine til?

Tine reiser til Reykjavik

5. Kva slags elv skal Torvald passe seg for?

Elva han skal passe seg for er Potomac River.

6. Kvar finn han det blå rommet?

Det blå rommet finn han i Det Hvite Hus.

7. Kva er det femkanta bygninga?

Den femkanta bygninga er Pentagon.

8. Tine skal sjå ein Heitapott. Kva er det?

Ein Heitapott er eit utendørsbad.

9. Kva er den gyldne sirkel?

Den gyldne sirkel er Thingvelldir nasjonalpark.

10. Kva slags fag kan du ta ved Globalskulen?

Ved Globalskulen kan du ta norsk, samfunnsfag og RLE

På kva måte kan eit slikt nettspel styrkje elevane si informasjonskompetanse?

Slike nettspel kan styrkje elevane sin informasjonskompetanse på fleire måtar. Om ein les teksta nøye kjem det fram opplysningar undervegs som kan gi ein hint om kvar ein befinn seg i verda og kvar reisa går vidare. Om ein veit ein del om dei forskjellige stadane eller bygningane så kan ein leite i sin eigen hukommelse etter svaret som blir hinta fram om. Om ein ikkje kan svaret, kan ein leite seg fram til dette svaret ved å søkje på Internett for å finne fram til det rette svaret. Men for å kunne vite kva ein skal søkje på må elevane vere kritiske til både den informasjonen dei les i oppgåva, men også på dei svara som dei kan få fram gjennom å søkje på dei. Når dei får forskjellige svaralternativ kan det også vere lettare å finne ut av kva ein skal søkje på. Eg skal innrømme at når eg søkte på Det blå rommet så kom det i grunnen fram mest informasjon om ein plass i Noreg. Og det kunne det ikkje vere. Eg hadde mine mistankar om at dette var eit av dei mange romma i Det hvite hus, så eg søkte derfor på dette, og då kome det fram eit bilete av det blå rommet som fins akkurat her, og på denne måten fann eg ut at det var her Det blå rommet var her. 

Så dette spelet kan altså vere med på å gjere elevane meir oppmerksame og kritiske til kjelder, og det kan gjere at dei lærer seg å vere meir oppmerksame på informasjon som kan vere gøymt i teksten. Altså at dei lærer seg å lese mellom linjene slik at informasjonen kan bli klarare for dei.

Øvingsoppgåve 2 Informasjonskompetanse

Her er eit informasjonsnav som eg har laga. Her har eg lagt til dei RSS – straumane vi saman gjennom leksjonen skulle leggje til dette informasjonsnavet, og eg har leika meg litt med småprogram som eg har lagt til, og diverse nettsider som kan bli brukte som Web 2.0. Verkty.

Informasjonsnavet fins her.