mandag 27. april 2009
KONKRETE ARBEIDSMÅTER SOM KAN STØTTE OPP OM DET VI VET OM BARN OG UNGES MEDIEBRUK
Vidare er der forskjellige metoder ein kan ta i bruk for å få digitale medier i bruk i skulen. Det at barn og unge mykje brukar datamaskina til film og musikk, kvifor ikkje kombinere desse to elementa, og få borna til å lage film og deretter setje musikk til filmen. Filmen kan vere noko dei filmar sjølv, eller dei kan laga den ved hjelp av for eksempel Xtranormal. Dette kan verke motiverande, fordi dei utfører noko som dei kjenner att, noko som dei er opptatt av på fritida også. Mest moglegheiter har ein kanskje om ein let elevane lage sin eigen film. Dei kan ved dette lage sitt eige manus med si eiga historie. Dei får også erfaring i å lage storyboard ved hjelp av datamaskiner. Vidare får dei erfaring i å bruke filmredigeringsprogram. Også vidare kan dei leggje til dei effektene dei føler passar, altså musikk eller tale, alt etter kva dei vil oppnå.
Om ein vil ta i bruk datamaskin i undervisning, har ein uendelege moglegheiter. Det er i grunnen berre fantasien som set grenser, og så klart læreplanane. Om ein er lærar i ei klasse kan ein få seg eit inntrykk i kva elevane brukar å gjere på fritida med datamaskina, og kva som interesserer dei. Dette gjer at ein kan byggje undervisningsopplegg ut i frå dette, og finne eit som passar til sin spesielle klasse.
Tankar rundt design
Design kan vere eit fasinerande tema. Om ein går inn på ein nettside, så er det utsjånaden ein først legg merke til. Om det ein ser ikkje fasinerar ein, så er det veldig lett å berre klikke bort denne sida og dermed ikkje lese vidare. Dette er det som gjer at design er viktig for å få lesarar, både når det gjeld aviser og forskjellige nettsider. Korleis ein vel å designe det ein vil lage er med andre ord ganske viktiig føler eg. Det er det som vil fange lesaren, og med dette sikre at ein får fleire lesarar inn på denne sida, avisa eller det ein lagar. Om ein først har klart å fengje ein person sprer ryktet seg, og på denne måten kan ein få fleire lesarar og distribuere det ein vil gjennom det ein lagar og skriv.
Det ein må tenkje på når det gjeld design er at ikkje alle har same smak. Derfor treng ikkje det som fengjer ein person, å fengje ein annan person. Det ein då kan gjere for å fengje flest mogleg poteniselle lesarar, er å følgje spesielle retningslinjer når det kjem til designet. Det første ein må tenkje på er kva bodskap ein vil ha fram. Designet skal ikkje ta oppmerksamheita bort frå bodskapen, men heller vere med på å forsterke dette. Det er derfor viktig å tenkje nøye gjennom bodskapen først, også byggje på dette når ein byrjar å utforme designet. For å få fram designet på ein hensiktsmessig måte er det diverse ting ein kan gjere for å få fram dette på ein ordentleg måte. Ein kan bruke kontrast. Dette kan vere med på å skape liv i uttrykket. Om ein tek i bruk kontrastar tek ein to motsetningar og set dei saman til eit bilete. Det kan ofte vere spanande å prøve ut, men ein må vere forsiktig med å ikkje overdrive det, for då kan inntrykket ein vil gi bli galt.
Ein annan ting ein kan gjere for å få eit bra visuellt design, er å få det til å sjå ut som om ein har bevegelse i biletet. Når blikket glid over det ein har laga, ser det ut som om det er bevegelse mellom elementa som fins på skjermen. Dette kan vere med på å skape eit mjukt bilete som er harmonisk å leggje augene på. Og dette er noko som er positivt, for då kan ein lettare fengje lesaren til å fortsette å lese på denne nettstaden ein har laga. Vidare må ein skape balanse i biletet. Det kan ikkje vere for mykje på eine sida i forhald til den andre, for då kan det bli vanskeleg å kvile augene på dette, og på denne måten kan det hende at lesaren ikkje er interessert i å sjå på denne sida lenger.
Til slutt må ein sjå på designet i heilheit. Alt må passe saman for at det skal sjå bra ut. Om det vert ubalanse i det ein har designa, kan dette verke forstyrrande når ein skal leggje augene på det. Det er altså viktig å tenkje igjennom ting når ein skal designe noko. Ein må passe på at det er balanse i alt, og at det er harmonisk for auge å sjå på.
søndag 26. april 2009
Bruk av tankekart

I DKL102 hadde vi om tenkjeverkty. Ved hjelp av å bruke tankekart laga vi oss som gruppe eit tankekort ved hjelp av Mindomo. Her skulle vi ta føre oss forskjellige nettsider som omhandla Sosial Web og skrive litt om dei i forhald til nokon punkt som vi følte passa inn her.
Her er eit utsnitt tatt i Jing over det tankekartet vi laga oss.
Mine tankar rundt bruk av Mindomo og tankekart:
Mindomo har eit heilt greit utgangspunkt om ein vil lage tankekart. På dette føler eg at der enklare å lage åleine enn saman som gruppe. Det var vanskeleg for heile gruppa å jobbe saman i same tankekartet. Fleire fekk då beskjed om at dei ikkje hadde skriverett. Så vi fann ut at det var best å jobbe saman, men med berre ein som skreiv inn i tankekartet. Dette er noko ein må ta hensyn til dersom ein anbefalar at elevane skal ta dette i bruk i skulen. Ein kan ikkje forvente at elevane kan finne ein løysing på det dersom ein ikkje klarer å gjere dette sjølv. Men om ein skal jobbe berre to og to kan dette vere ein veldig bra løysing å ta i bruk tankekart. På denne måten kan begge parter kome med innspel på kva dei vil ha med i det dei skriv om, og på denne måten kan dei verte einige om kva som skal vere med i produktet dei lagar.
Så klart kan tankekart vere med på å gjere slikt for ei større gruppe også. Sjølv om det kan vere enklare å ta det på papir sidan Mindomo ikkje er laga for at fleire skal vere inne og redigere samtidig. Men så klart kan det finnast forskjellige løysingar på dette også. Om gruppa avtaler seg i mellom at to og to redigerer i gongen, så kan alle få forsøke å skrive inn det dei vil ha med i tankekartet og denne prosessen. På denne måten kan alle få kome med innspel og vere med på å kome fram til ei løysing på det problemet ein vil løyse.
Tankekart er ein innleiande prosess i dei fleste oppgåver. Det er alltid lurt å byrje med å lage seg eit tankekart rundt dei oppgåvene ein får, for på denne måten kan ein finne ein tilfredsstillande tolkning på den oppgåva ein skal finne ei løysing på. Derfor er det viktig å lære elevane å bruke tankekart. Og sidan meir og meir undervisning foregår på Internett, kan bruk av Mindomo vere med på å få IKT meir inn i undervisninga.
lørdag 25. april 2009
A3

No er A3 innlevert. Og på grunn av tilfeller innan gruppa fekk vi samarbeide om å lage film og oppgåva. Det vart laga manus og storyboard, og filmen vart eit bra resultat. Her er ei lenkje til kvar du finn filmen som vart laga.
Tankar rundt bruk av film:
Om ein vil ta i bruk film i undervisninga trur eg kan verke motiverande på elevane. Det er ein spanande prosess, og det tek ein veg utanom den vanlege klasseromsundervisninga. Eg trur at det kan verke interessant og morosamt på elevane. Når noko verkar fengjande på ein elev kan dette føre til at han eller ho yter meir, og dermed er dei meir engasjerte. Dette kan føre læring, og dermed er det med på å nå kompetansemåla som ein vil oppnå gjennom bruk av film.
fredag 24. april 2009
Samling Torsdag 23. april i DKL104
Det er greit å få respons frå andre. Ein kan då få ein annan sitt synspunkt på det arbeidet ein har gjort, og på denne måten kan ein få nye idear til kva ein kan ha med i ei oppgåve.
torsdag 23. april 2009
Bruk av Xtranormal

Dette var eit fasinerande program å jobbe med. Eit slikt program er noko eg kan sjå føre meg kan føre til stor begeistring og motivasjon om ein tek det i bruk i skulen. Det er ikkje noko ein til dagleg gjer i skulesamanheng, men det er likevel noko som kan gjere at ein engasjerer elevane. Når ein brukar Xtranormal så tek ein i bruk fleire måtar å uttrykkje seg på i ein gong. Når ein brukar Xtranormal lager ein film. Ein må då lage sine eigne rollefigurar og omgivelsane dei er i. Ein må også lage eit manus. Altså ein må skrive ned det dei forskjellige rollefigurane skal seie. Deretter må ein lage filmen. Etterpå kan ein velje om ein vil publisere filmen, eller om ein vil halde den upublisert slik at det berre er du som kan sjå den.
Noko eg føler var litt dumt med dette programmet var for det første at det ikkje fantest på norsk. I alle fall ikkje som eg kunne få til. Dette gjer at ein avgrensar seg litt. Då kan ikkje elevane vere under ein viss alder, for det er ikkje alle som meistrar engelsk i like stor grad. I tillegg var det litt trist at figurane prata i same tonefallet heile tida. Det skulle gått an å få fram forskjellige sinnstemningar, og på denne måten verkeleg å kunne formidle ein bodskap om ein vil det. Men det vertlitt vanskeleg når det ikkje kan endrast på tonefallet til «skodespelarane».
Her er ei lenkje til videoen eg laga då eg prøvde ut Xtranormal.
tirsdag 21. april 2009
Arbeid med artiklane til eksamen
mandag 20. april 2009
Hensyn. Øvingsoppgåve 2.
(Biletet er henta frå leksjonen om hensyn: https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/Doc?id=dg9r76pg_751gn4m34sp)
Kvifor og korleis er det annleis i forhold til reglane i lova med dette biletet?
Med dette biletet er det ikkje borna som er i fokus. Det er sjølve handlinga. Ingen av personane som er i biletet kan gjenkjennast. Andletet deira er ikkje visande, og på denne måten viser det at det er sjølve leiken som dei held på med at fotografen vil framheve. Då trer ikkje reglane i like stor grad fram. Derfor kjem ikkje dette biletet under dei same reglane som det andre vi såg på i samband med denne leksjonen. Her i dette tilfellet er det meir ein leikesituasjon fotografen vil få fram, og det treng dermed ikkje nemnast nokon namn i samband med ei eventuell publisering, og på grunnlag av dette er det ikkje strid på nokon av reglane som gjeld når det er innan personvern, og heller ikkje når det gjeld opphavsrett.
1.Situasjon: Jeg er fortsatt fotograf, og det er fortsatt mine barn. Kunne du da publisere bildet uten tillatelse?
Nei, eg kan ikkje då publisere biletet utan tillatelse. Først hadde eg måttet få tillatelse med fotograf. Ifølgje lova, er det i første omgong fotograf som har retten over biletet, og om det har personar i fokus, må ein få tillatelse først. Både frå personane som er i fokus, og dersom dei er under 15 år, så er det foreldra som bestemmer. Derfor hadde eg ikkje kunna publisert biletet.
2.Situasjon: Du er fotograf, og dette er dine elever. Kunne du da publisere bildet uten tillatelse?
Her kan ein diskutere for og i mot. Det er som dei seier «ingen regel utan unntak». Ein kan publisere biletet dersom det ikkje vert tatt bilete av andletet til ein eller fleire personar, kan ein publisere biletet dersom ein har tatt det sjølv, men på same tid bør ein i alle fall seie i frå til dei personane som det er bilete av før ein publiserer. Ein bør i alle fall vege for og i mot før ein publiserer bilete av elevane sine. Dei kan føle seg svikne. Dersom bilete ikkje viser andletet deira er det ikkje mykje dei kan gjere med det, men ein då miste respekta deira. Så i slike situasjonar er det kanskje lurast å prate med elevane før ein publiserer eit slik bilete, sjølv om det ikkje er nødvendig.
Mine tankar rundt dette:
Når ein ser på kva ein kan publisere og ikkje, er det ofte eit hårfint skilje på kva som er akseptabelt og ikkje. Somme gonger må ein berre føle seg fram til kva som er rett og ikkje. Ein må alltid passe på at ein har lova på si side, og dermed ikkje publisere arbeid som ein ikkje har lov til å publisere. Det er som regel viktig å konferere med den det bli tatt bilete av om dei tykkjer at det er greit av vedkommande legg ut bileter av ein på nett, sjølv om desse bileta ikkje kjem i strid med lova. Det er i alle fall det eg føler. Denne leksjonen har vore lærerik, for det er faktisk ikkje i alle tilfeller ein tenkjer over at det kan vere ulovleg å publisere bileter. Om ein publiserer eit bilete på nettby for eksempel, er det ikkje alltid ein spør vedkommande om det er greit at ein legg ut bileta som ein legg ut, og det kan faktisk vere i strid med personvernslova. Så dette var lærerikt, og noko ein må passe på når ein publiserer ting.
Hensyn. Øvingsoppgåve 1.
Klassebileter kan med andre ord ikkje verte lagt ut på nett. Ein må då på førehand ha spurt om løyve med alle som er med på dette biletet, og om dei då i tillegg er under 15 år må ein høyre med foreldra etter løyve også. Om ein skal publisere for eksempel klassebileter kjem det gjerne fram både ansikter og det kan gjerne forekomme at namn kjem ut. Dette kan vere ubehageleg på somme personar, og på denne måten bryt ein med lova. Så lovene er ganske klare på dette. Ein skal alltid spørje om løyve før ein publiserer klassebileter på nett.
I tillegg til dette er det lett å manipulere bileter som er publiserte på nett. Ein kan for eksempel klippe ut andletet til ein person og flytte det over på eit anna bilete, som kanskje kan kome til å skade denne personen, eller i alle fall såre. Så det er alltid lurt å tenkje nøye gjennom før ein gir løyve til at bileter skal bli publiserte på nett, eller sjølv å publisere bileter.
Bygd på informasjon frå: http://www.datatilsynet.no/templates/article____881.aspx
[Lasta ned: 20.04.2009]
http://www.datatilsynet.no/templates/Page____2182.aspx
[Lasta ned: 20.04.2009]
Korleis slår dette ut i forhald til å ta bileter av elevar i læringsarbeidet, på ekskursjonar, på tur, på tilstelningar i skulens regi og andre aktuelle situasjonar der ein ofte tek bileter?
I dette tilfellet gjeld ikkje den same lova. Om det skal brukast berre i skulesamanheng, og ikkje skal publiserast på nett, kan det takast bileter. Det er greit at elevane veit om det, men det står ikkje nokon plass at ein må be foreldra om løyve før ein tek desse bileta og brukar dei kun i skulesamanheng utan nokon publisering. Foreldre brukar i dei fleste tilfelle å like å sjå bileter når ungane deira har vore med på noko spanande, som for eksempel ein ekskursjon. Dei tykkjer det kan vere interessant å sjå kva ungane deira gjer på når dei er på skulen, så dei fleste foreldre har dermed ikkje noko i mot at det blir tatt bileter i slike samanhangar.
Mine tankar rundt dette:
Personvernslova og opphavsretten er til for å beskytte personar mot at biletet deira skal publiserast utan løyve på Internett. Då tykkjer eg det er ein bra moglegheit at det fins ei lov som gjer at ein ikkje kan publisere bileter utan å vere sikker på at det ikkje sjenerer nokon. Det er også slike ting det er greit å lære noko om tykkjer eg, slik at ein ikkje bryt desse reglane sjølv. I den teknologialderen vi lever i no kan det vere greit å vite om slike ting, for meir og meir av kvardagen vår består av datamaskiner og bruk av internett. På grunn av dette må ein kunne om slike reglar for det er lett å leggje ut eit bilete på ei nettside som for eksempel Facebook, utan å tenkje over at det er andre sine andleter ein legg ut og publiserer. Så eg føler det er nyttig for oss å gjennomgå dette slik at vi kan lære andre om dette når vi er ferdig utdanna.
torsdag 16. april 2009
Samling 3 i DKL102
Det har i kveld våre tredje og siste samlinga i DKL102. I dag vart vi delt inn i responsgrupper der vi gav kvarandre respons på mappeoppgåvene vi har gjort i dette studiet. Dette var ein ny og spanande erfaring. Å gi kvarandre respons er noko vi ikkje har gjort så ofte. Det var interessant å prøve. Både det å få lese andre sin måte å løyse dei forskjellige oppgåvene på, og også det å setje seg så nøye inn i dei at ein kan påpeike det som var bra skrive, og ting som den andre personen kunne endre på. Det vart ei utfordring, men samtidig føler eg at det var lærerikt. Eg fekk gjennom dette nye idear som eg kan gjere før eksamen som nærmar seg meir og meir.
Arbeid med nettsida
onsdag 15. april 2009
Sanna Tryggs utsegn
«Skolen bør satse på mediekritikk allerede i barneskolen.» (Sanna Trygg)
Eg vil seie meg einig i denne uttalelsen. Skulen burde satse på mediekritikk allereide i barneskulen. Born blir yngre og yngre når dei blir kjende med data og informasjonssøk på Internett osv. Det er då viktig at skulen er med på å støtte opp dette, og gjer slik at dei kan vere kritiske til det dei les, og er oppmerksame på det som kjem fram i dei sidene som verkeleg er relevante og kjem med god informasjon til borna. På grunn av dette føler eg at det er viktig å byrje med mediekritikk allereide i barneskulen. Moglegvis er det ikkje viktig med ein gong borna byrjar på barneskulen, for det er ikkje alle born som kan lese og skrive når dei byrjar på skulen. Då er dette viktigare å fokusere på enn kjeldekritikk. Men når ein byrjar å bruke Internett som informasjonssenter i underisninga, bør ein byrje med mediekritikk slik at dei kan velje ut dei kjeldene som er relevante, og dei kjeldene som er «ubetydelege».
Born tenkjer ikkje alltid over kva dei søkjer på når dei søkjer på Internett. Og dei tenkjer i alle fall ikkje over kva innhald som er i teksten. Det er derfor viktig å byrje med å lære borna om dette så tidleg som mogleg, og helst når dei byrjar å søkje etter ting på Internett. Samtidig er det viktig å lære dei at det ikkje er lov til å kopiere ting frå Internett og bruke dette i sine eigne oppgåver eller publiserte ting. Desse er beskytta, og derfor skal det ikkje brukast. Så dette er absolutt ein grunn til å lære borna om bruk av Internett så tidleg som mogleg.
Så eg vil påstå at det er lurt av skulen å satse tidleg på mediekritikk, slik at borna kan lære seg dette frå tidleg alder, og dermed får dei meir og meir erfaring. Når dei då blir så gamle at det er ei nødvendigheit å søkje opp informasjon på Internett, så veit dei kva slags kjelder dei skal bruke, og kva informasjon som er relevant og kva slags informasjon som ikkje kan brukast. Noko som i seinare tid kan avgjere om dei står på ei oppgåve for eksempel. Eller at dei kan klare å skilje informasjonskjeldene frå kvarandre. Det er i alle fall i mitt synspunkt viktig å byrje med kjeldekritikk så tidleg som mogleg.
fredag 3. april 2009
Informasjonskompetanse 3. Øvingsoppgåve 2.
Det første som slo meg er at forfattaren ikkje har med kjelder. Eg føler at om det ikkje blir oppgitt kor han har funnet dei forskjellige opplysningane. For at ein skal kunne føle seg vel med å bruke slike opplysningar må ein kunne føle seg trygg på kjeldene for å kunne bruke dei i ei eventuell oppgåve for eksempel. Så dette føler eg ikkje kan vere ein veldig seriøs nettstad.
Om ein vidare ser nærmare på opplysningane så er dei heller ikkje så korrekte som ein kan forvente. Eg såg nærmare på opplysningssida om Christopher Columbus og der vil eg seie at der var ein del ukorrekte opplysningar. Han er for eksempel ikkje født i 1951, og heller ikkje i Australia, så vidt eg veit. Denne personen har eg litt kjennskap til frå før, og eg veit derfor at han var født seint på 1400 – talet, så dette gjer at eg heller ikkje vil velge å tru så mykje på resten som er skrive.
Noko anna som eg vil peike på er at det ikkje er oppgitt nokon forfattar. Dette er med på å skape eit inntrykk av at nettstaden ikkje er seriøs. Når det ikkje er oppgitt nokon forfattar så veit ein ikkje kven som har skrive det, og då kan det vere at det ikkje er så korrekte opplysningar som ein kan forvente. Og det er alltid lurt å dobbeltsjekke med andre nettstadar når ein ikkje kan finne ein forfattar.
Korleis bruke denne nettstaden for å lære elevane om kjeldekritikk?
Om ein tek i utgangspunkt i webquest – delen på http://allaboutexplorers.com så kan ein lage nokon spørsmål om dei forskjellige personane ein kan finne på denne sida som dei skal finne opplysningar på. Ein kan då på same måten som på denne sida, gi opp to sider. Om ein tek utgongspunkt i Christopher Columbus då, og bruker same sidene som på denne sida, så vert dette:
- http://allaboutexplorers.com/explorers/columbus.html
- http://www.enchantedlearning.com/explorers/page/c/columbus.shtml
Så kan ein då gi elevane i oppgåve å gi ei kjeldekritisk vurdering av nettstaden allaboutexplorers.com, ved at dei då har ein annan nettstad å samanlikne med. Då vil eg tru at dei kjem ganske fort fram til den andre nettsida er mykje meir informativ, og kan kallast meir korrekt enn den første. Om ein kastar eit blikk på den, tykkjer eg at det viser seg fort kva av dei som kan verke mest seriøs og som gir mest korrekt informasjon.
onsdag 1. april 2009
Informasjonskompetanse 3. Øvingsoppgåve 1.
Torvald er i Nairobi
2. Kva slags by reiser Torvald til?
Eg trur han reiser til Washington D.C.
3. Kva slags by befinn Tine seg i?
Tine er i Tromsø.
4. Kva slags by reiser Tine til?
Tine reiser til Reykjavik
5. Kva slags elv skal Torvald passe seg for?
Elva han skal passe seg for er Potomac River.
6. Kvar finn han det blå rommet?
Det blå rommet finn han i Det Hvite Hus.
7. Kva er det femkanta bygninga?
Den femkanta bygninga er Pentagon.
8. Tine skal sjå ein Heitapott. Kva er det?
Ein Heitapott er eit utendørsbad.
9. Kva er den gyldne sirkel?
Den gyldne sirkel er Thingvelldir nasjonalpark.
10. Kva slags fag kan du ta ved Globalskulen?
Ved Globalskulen kan du ta norsk, samfunnsfag og RLE
På kva måte kan eit slikt nettspel styrkje elevane si informasjonskompetanse?
Slike nettspel kan styrkje elevane sin informasjonskompetanse på fleire måtar. Om ein les teksta nøye kjem det fram opplysningar undervegs som kan gi ein hint om kvar ein befinn seg i verda og kvar reisa går vidare. Om ein veit ein del om dei forskjellige stadane eller bygningane så kan ein leite i sin eigen hukommelse etter svaret som blir hinta fram om. Om ein ikkje kan svaret, kan ein leite seg fram til dette svaret ved å søkje på Internett for å finne fram til det rette svaret. Men for å kunne vite kva ein skal søkje på må elevane vere kritiske til både den informasjonen dei les i oppgåva, men også på dei svara som dei kan få fram gjennom å søkje på dei. Når dei får forskjellige svaralternativ kan det også vere lettare å finne ut av kva ein skal søkje på. Eg skal innrømme at når eg søkte på Det blå rommet så kom det i grunnen fram mest informasjon om ein plass i Noreg. Og det kunne det ikkje vere. Eg hadde mine mistankar om at dette var eit av dei mange romma i Det hvite hus, så eg søkte derfor på dette, og då kome det fram eit bilete av det blå rommet som fins akkurat her, og på denne måten fann eg ut at det var her Det blå rommet var her.
Så dette spelet kan altså vere med på å gjere elevane meir oppmerksame og kritiske til kjelder, og det kan gjere at dei lærer seg å vere meir oppmerksame på informasjon som kan vere gøymt i teksten. Altså at dei lærer seg å lese mellom linjene slik at informasjonen kan bli klarare for dei.
Øvingsoppgåve 2 Informasjonskompetanse
Informasjonsnavet fins her.
tirsdag 31. mars 2009
Øvingsoppgåve 1. Informasjonskompetanse

Her er eit utsnitt av det tankekartet med dei forskjellige Web 2.0 verktya som eg no skal skrive litt om.
Dei eg brukar i dag:
YouTube:
Eg brukar YouTube i somme tilfeller. Her er det mest til å sjå igjennom dei filmane som blir lagt ut som eg anten interesserer meg for eller har lyst til å lære meir om.
YouTube er ein side der dei kan leggje ut filmar som ein har laga, og folk kan kommentere på kvarandre sine filmar. Noko vidare enn dette kjenner eg ikkje til dette Web 2.0. verktyet. Men slik eg har forstått det kan ein danne seg eit nettverk og leggje til venner også på denne sida.
Podcast:
Ved å gå IKT – studiet har vi jobba med forskjellige digitale medier, og nettopp gjennom dette har vi laga vår eigen podcast. Derfor har eg vore borti og jobba litt med dette.
Mindomo:
Dette er også eit program vi jobba med i studiet. Det er eit program der ein tek i bruk tankekart. Det er eit nyttig program å ta i bruk i skulesamanheng, og når ein har ein ide som ein vil byggje på.
Picaza:
Dette er eit program som eg har brukt litt igjennom studiet. Eg har brukt det for det meste for å lagre bileter som eg seinare har redigert i Picnik. Noko vidare kjennskap til dette programmet har eg ikkje så eg kan berre sei det om det.
Blogg
Gjennom studiet har vi tatt i bruk fleire bloggar. Vi har ein refleksjonsblogg på blogger.com, og ei nettavis i wordpress.com. Det er forskjellige bloggar, men begge interessante å jobbe med. Du kan følge kvarandre sine bloggar, og på denne måten vert det eit sosialt verkty. Ein kan gå inn og lese dei forskjellige sine bloggar og kommentere til kvarandre.
Google Docs
Dette er eit progam vi har jobba mykje med gjennom heile studiet. Det blir tatt i bruk ved gruppeoppgåver, for det går an å samskrive i eit dokument samtidig. Du kan publisere ting slik at monge kan få tilgong til det dokumentet du har skrive, eller du kan halde dokumentet heilt for deg sjølv. Google Docs er absolutt eit program ein kan ta i bruk i skulen og i undervisninga.
RSS
RSS er noko ein veit noko om, men eg personleg har aldri tenkt over kvifor vi skal ta det i bruk. No har eg gjennom studiet lært meg meir om RSS og vi har teke det i bruk meir og meir. Derfor er dette eit program eg brukar litt no.
Facebook
Dette er ei nettside der du kan vere medlem av eit nettsamfunn. Her kan ein leggje til vennar, chatte med dei, sende «brev» til kvarandre, leggje ut bileter, spele og gjer på ein heil del forskjellige ting.
Hvilke har du hørt om:
Del.icio.us
FreeMind
Flickr
Wiki
Atom
MySpace
Korleis bruk dei mot elevane si læring:
YouTube: Frå YouTube kan ein finne filmar ein treng for å forklare ting, ein kan lage sine eigne filmar og publisere dei på YouTube. På denne måten kan ein få kommentarer på filmane ein legg ut, og gjennom dette finne ut av kva ein kan endre og forbetre om ein skal gjere eit liknande prosjekt.
Podcast: Dette er eit medie ein i grunnen står ganske fritt med. Dei fleste tema kan ein bruke for lage ein podcast til, og dette kan vere ein motivasjonsfaktor som kan engasjere fleire elevar for det kjem utanom tavleundervisninga og lesing av bøker.
Mindomo: Dette er eit program ein kan ta i bruk i dei fleste fag i skulen for at det skal rettast inn mot elevane si læring. Det skal vere mogleg for fleire å redigere i eit tankekart samtidig, så det kan bli brukt om elevane skal ha eit gruppearbeid og vil kome med idear rundt temaet dei skal ha om, eller det kan bli brukt for at dei aleine skal idemyldre rundt eit tema.
Picasa: Dette programmet har eg ikkje så veldig mykje kunnskap til, men det kan bli brukt om ein tek føre seg bileteredigering, og vil lagre bileta sine på nett slik at det kan vere lett å jobbe med dei ved for eksempel ved å bruke Picnik.
Blogg: Ved å bruke blogg i undervisninga kan elevane reflektere over oppgåvene dei har jobba med, både lekser og andreoppgåver. Om ein tek i bruk blogg kan dei følgje kvarandre sine bloggar og kommentere på det dei andre skriv. På denne måten kan dei lære å vere kritiske til det som blir skrive, og lære seg å reflektere over det arbeidet som dei gjer.
Google Docs: Dette programmet kan bli tatt i undervisninga når elevane skal for eksempel gjere gruppeoppgåver. Dei kan då sitje å skrive på oppgåva samtidig, og dei kan redigere på det dei andre skriv om dei ikkje føler at det passar inn i oppgåva.
Facebook: Denne nettsida kan bli retta opp mot læring på fleire måtar. Her er ein chattefunksjon der elevane kan sitje å diskutere oppgåver som dei har problem med eller som dei skal jobbe med saman. Det kan leggjast ut lenkjer som dei vil dele med både medelevar og andre kjente. Der finst mange moglegheiter om ein vil ta i bruk eit slikt verkty.
Vidare arbeid med M3
tirsdag 24. mars 2009
Arbeid med M3
Eg har den siste veka jobba med Mappeoppgåve 3. Her skulle vi lage eit informasjonsnav som kunne bli tatt i bruk med ei klassa på eit sjølvvalgt klassetrinn. Eg har laga meg ei informasjonsside på Netvibes (som er lenkje til her: http://www.netvibes.com/moeg), og har etterkvart som eg har funne nye sider som er relevante til undervisningsopplegget eg har valgt, lagt desse til i informasjonsnavet.
Eg har også kome fram til eit opplegg der det kan vere relevant å ta i bruk informasjonnav i undervisninga. Og eg har no byrja på å begrunne desse vala eg tok i samband med bruken av informasjonnavet til dette undervisningsopplegget.
Mine tankar rundt denne oppgåva:
Eg føler dette var ei interessant oppgåve å jobbe med. Bruk av Netvibes er heilt nytt for meg, og det var interessant at oppgåva var lagt opp slik at vi måtte lage vårt eige og prøve det ut sjølv. Vi kunne då få oss nye erfaringar som er ei mogleg løysing som ein kanskje ikkje har tenkt på før.
Arbeid med A2 helga i veke 12

Eg skreiv inn det eg ville ha med i den skriftlege oppgåva til A2 og på tilbakemeldingane til den andre gruppe på nettavisa deira. Sidan innleveringa av denne oppgåva er måndag, måtte den vere ferdigstilt i løpet av helga, og på grunn av dette skreiv eg inn det eg følte passa. Sidan blei det levert av gruppeleiar.
Bilete viser eit utsnitt av framsida på nettavisa som vi laga til denne oppgåva.
fredag 20. mars 2009
Samling 19. og 20. mars
Vi var i gjen samla til samling i DKL104 torsdag frå 17.00 - 21.00, og fredag frå 09.00 - 16.00. Vi byrja torsdagen med litt praktisk informasjon om film og filmanalyse. Deretter hadde vi litt om filmteknikkar, og deretter fekk vi ei oppgåve i å lage ein liten filmsnutt. Vi vart delte inn i smågrupper, så gjekk vi ut å filma det vi ville, og viste det etterpå til resten av klassa. Når vi hadde sett filmane vart vi delte inn i nye grupper, og fekk ei ny oppgåva. Vi skulle trekkje oss eit ordtak, og lage ein liten film der vi illustrerte ordtaket ved hjelp av film. Resten av torsdagen gjekk til å lage storybord til denne filmen som vi skulle filme på fredag. Gruppa var eg, Linda og Marita. Men Marita kom ikke på fredagen, så vi fekk Kristin istadenfor.
Så det var det første vi byrja med fredagen. Vi fekk fram til kvart på 12 å spele inn filmen. Når dette så var gjort, skulle vi føre over filmen frå videokameraet, og redigere den i MovieMaker. Her klipte vi den til, og limte slik at det blei ein heilheitleg film. I tillegg la vi til effektar der det passa, slik at folk kunne forstå bodskapen utan replikkar. Vi la også til nokon lydeffektar for å få fram eit tydelegare bilete i filmen. Etter at dette var gjort viste vi filmane i klassa, og kommenterte kvarandre sine filmar.
Mine tankar rundt dette:
Eg tykte dette var eit interessant tema å jobbe med. Det er noko som eg ikkje har prøvd så mykje før, og det var interessant å lære noko nytt. Dette er noko eg kunne tenkt meg å ha litt betre tid å jobbe med, for eg føler at det blei for lite tid til det. Vi fekk ikkje gå skikkeleg i dybda av dette emnet i løpet av desse to dagane, så eg kunne godt tenkt meg å ha eit par dagar til til dette.
Arbeid med A2 i veke 11.
søndag 8. mars 2009
Arbeid med A2
fredag 6. mars 2009
Samling i DKL102 Fredag 06.03. 2009
torsdag 5. mars 2009
2. samling i DKL102 05. mars 2009
Mine tankar:
Eg føler dette var på ein måte ei grei oppgåve, men på ein anna måte ei komplisert oppgåve. det tok ei stund før vi klarte å kome i gong, men når det då fyrst løsna, så var det ikkje så komplisert som ein først hadde tenkt. Eg føler det er ein grei måte å lære på dette. Om ein må ytføre ting sjølv, kan det vere lettare å lære av det. Ein må då setje seg inn i ting sjølv, før ein presenterer det for nokon andre.
onsdag 4. mars 2009
Oppgåve til generasjon.com
Kapittel 1. Innledning
Mediene er nå så integrert i kvardagen, at ein ikkje ser at dei er i stadig endring, utan å ta eit steg utanfor kvardagen. Og då er det gjerne at borna er i ein utsatt situasjon på grunn av mediene det blir fokusert på. Endring er noko som skjer i dagens media heile tida. Det kjem heile tida nye «hardware» og «software» og liknande. Tønnessen har fulgt ei gruppe born frå dei gjekk i barnehage i 1993, til dei gjekk ut av grunnskulen i 2005. Her har ho kome fram til bornas vaner innan mediebruk. Dette gir moglegheit til å utforske dei unges eget perspektiv på prosessane der dei unge utviklar seg til ungdom samtidig som mediene også endrar seg. Og i dag går det ikkje an å kartleggje kor mykje tid born eigentleg brukar på dei forskjellige mediene. Det blir i dag brukt fleire og fleire medier parallelt. Dei kan gjerne lese og og lytte til musikk samtidig for eksempel. Og det ser også ut til at ungane skaffar seg tilgjenge til dei mediene dei tek i bruk, så det er ikkje lenger noko hinder.
Kapittel 2. Nye og gamle medier
Ungdommen ser føre seg ei stor endring i løpet av kort tid, når det gjeld teknologien. Og det kan vel kanskje stemme. Sidane teknologien er i stadig endring, er det godt mogleg at den er mykje meir avansert om 20 år enn det vi ser føre oss idag. Den generasjonen som veks opp i dag har spesiellt opplevd endringar når det gjeld fjernsynet, datamaskin og mobiltelefon. Og da gjerne mobiltelefonen som har overtatt mest på ungdomstrinnet. Der mobiltelefonen fungerer som ei lita datamaskin, der ein kan surfe på Internett, fungerer som eit kamera og ein kan produsere tekst i forskjellige variantar. Og no gjerne med fleire og fleire funksjonar på ein telefon som berre blir mindre. Og mobiltelefonen kan også bety katastrofe å ikkje ha blant ungdommen. Når dei fleste andre har ein mobiltelefon, gjer det at det er lett å få tak i dei. Medan dei som då ikkje har mobiltelefon, blir utestengde frå gruppa. Og dette er noko som ikkje er lett å takle i ungdomstrinnet.
Men om ein kikkar nærmare på datamaskina som medium, kan ein sjå eit skilje mellom kjønnsfordelinga på dataen. Gutar er meir intresserte i å spele spel enn å chatte og bruke dei andre funksjonane til datamaskina. Jentene derimot er meir intressert i chattekanalane og bruk av e – post.
Mobiltelefonen er mest brukt til å sende SMS med. Cirka 80% av ungdommen brukar mobiltelefonen til å sende tekstmeldingar. Men mobiltelefonen blir også brukt til å fylle inn dødtid, som for eksempel på bussen og når dei ventar på andre osv, og somme brukar den også som vekkjarklokke.
Kapittel 3. Mainstream og individuell tilpasning
TV er stadig det mediet som er mest sentralt i i barn og unges liv. Tven fins i alle heimar og også på monge av ungdommsroma, og fleirtallet av ungdom ser på TV nesten kvar dag. Sidan ein TV – kanal kostar meir å lage enn eit anna medium, må dei nå ut til fleire, og er derfor laga for alle målgruppene i samfunnet vårt. Derfor på grunn av dette er det derfor fleire som ser på Tv enn det er som tek i bruk datamaskiner for eksempel.
Barn og unge trekkjer mot det internasjonale når dei tek i bruk spel og program. Dei fleste vel faktisk dei programma som er på engelsk. Både når det gjeld TV – program, og når det gjeld spel og liknande til datamaskina. Men om ein ser på det heile biletet vel fleirtalet å ta utgongspunkt i det kjente norske, medan dei må meistre det engelske for å fylgje med i den internasjonale ungdomskulturen.
Mine tankar rundt dette:
Eg kan forstå mykje av det som kom fram i denne teksten. Media er stadig i endring, og det kjem heile tida nye oppdateringar, både til mobiltelefonar, datamaskiner og fjernsynet, som jo er dei viktigaste media som vi har vore innom i desse tre kapitla. At Tven er mest utbreidd var eg i grunnen beredt på. Det er noko som eg såg føre meg eksisterte i kvar heim, for dette er noko den vaksne generasjonen meistrar. Derimot datamaskiner og mobiltelefonar er eg, av erfaring, ikkje så sikker på at alle vaksne meistrar i like stor grad. Dei har eit ynksje om å forstå dette, men det er ikkje alltid like enkelt å lære det. Det er i alle fall det nokon kan føle når dei har prøvd seg fram på datamaskinene. Men at samfunnet er i stadig endring når det gjeld media er ikkje noko stor overrasking. Det er noko vi som lever i dag har fått erfare. Og sidan det er ein så integrert del av kvardagen, føler eg at det ikkje er noko nytt for nokon at det heile tida er noko nytt på markedet.
tirsdag 3. mars 2009
Eksperimentering med Comic Life
Bruk av comic life
Eit kompetansemål som kan dragast inn i denne samanhengen er eit kompetansemål i norsk som omhandlar samansette tekstar: Elevane skal kunne lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy (Utdanningsdirektoratet, 2006) Om ein tek i bruk Comic Life med elevane, så jobbar dei både med bruk av bilete, utsmykningar og dei kan variere skrifttypane. Gjennom å bruke Comic Life så blir det bruk av digitale verkty som står i fokus. Så om ein brukar Comic Life kjem ein innom både bileteredigering, skrift og utsmykning.
Om ein beveger seg til å sjå på kompetansemål som gjeld for kunst og handverk kan ein finne meir mål som kan nåast gjennom å bruke Comic Life i skulen. Eit av kompetansemåla innan visuell kommunikasjon i kunst og handverk seier at elevane skal kunne lage teikneseriar og også forklare samanhengar mellom teikneseriar og film. For første del av dette kompetansemålet er Comic Life eit ypperleg program. Om du ser på biletet nedanfor har eg prøvd å lage ein liten teikneserie med bruk i mine eigne bileter for å vise korleis eit eksempel kan vere når ein tek det i bruk i skulen (Utdanningsdirektoratet, 2006). Så ein kan altså drage inn forskjellige fag om ein vil ta i bruk Comic Life i skulen, der programmet kan vere med på måloppnåing i dei forskjellige faga.
Mine tankar rundt bruk av Comic Life:
Dette programmet er eit bra program å ta i bruk. Det er mykje forskjellige å eksperimentere med, og det er spanande å lærerikt. Eg følte sjølv at det kunne vere kjekt å eksperimentere med dette, og tida gjekk fort når eg satte meg ned og prøvde ut forskjellige ting med Comic Life. Det var eit veldig interessant program, og noko eg føler kan engasjere elevane om ein tek det i bruk med elevane medan dei går på skule
Jobb med M2 og A2
Vi hadde i går eit nytt møte angåande M2 i DKL102. Vi er no ferdige med innhaldet i del 1, det er berre finskriving som manglar. Så vi avtalte vidare litt arbeidsfordeling for vidare arbeid. Vi delte det slik at to av gruppemedlemma skulle ta føre seg arbeidsplanen, og vi resterande fire skulle byrje å skrive på refleksjonsdelen. Vi kom fram til nokon punkt vi måtte reflektere over. Deretter var møtet over, og eg for heim og byrja å reflektere litt over dei forskjellige punkta og notere ned litt forskjellig, som eg delte med dei andre på gruppa i dag i Google dokumentet som vi har oppretta for å skrive inn oppgåva i.
I går kveld oppretta eg også ein nettavis - blogg på wordpress.com. Dereksperimenterte eg litt, og endra temaet på bloggen, som også er ein del av oppgåva, og eg endre topp biletet. I tillegg til dette noterte eg nettadressa i dokumentet som er oppretta i Google Docs. Eg byrja også å finne ut av diverse idear til artiklar som kan vere med i avisa, og notere litt rundt desse for å finne ut av kva eg kunne tenkje meg å skrive om, og som kunne vere passande å ha med i ei nettavis.
lørdag 28. februar 2009
Oppdateringar for veke 9
Det har denne veka vore vinterferie, men det betyr ikkje at ein kan leggje skulearbeidet på hylla ei veke fordiom. Vi har denne veka vore samla som gruppe og sett vidare på arbeidet med M2 i DKl102. Vi har noe kome fram til nokon klare punkt som vi skal ha med i oppgåva. Den byrjar no å kome på plass. I alle fall den første delen. Og det er jo den delen del 2 og 3 tek utgongspunkt i, så dette er den delen som må vere på plass for at ein skal kunne kome i mål med oppgåva.
Vi var igjen samla på miljørommet på BK og diskuterte kva vi ville ha med i oppgåva, og korleis vi skulle løyse den. Etter å ha blitt einige om kva vi ville ha med, avtalte vi at vi skal ha nytt møte på måndag i halv 5 - tida. Då skal vi ha fyllt inn "tomromma" i dei punkta vi kom fram til på møtet.
tirsdag 17. februar 2009
Veke 7
Denne veka har vi hatt Skype møte kvar kveld. Vi har jobba med oppgåva for å få den ferdigstillt før måndag. Framtil onsdag jobba vi med manuset, og skreiv litt på den skriftlege oppgåva som skal leverast saman med podcasten. Onsdagskvelden spelte vi inn første del av debatten vi hadde valgt å bruke, samtidig som vi spelte inn radioteateret vi har planlagt å bruke som pause i debatten. På torsdagskvelden spelte vi inn andre del av debatten. Vi avtalte på dette møtet at vi skulle redigere saman heile podcasten kvar for oss, og deretter skulle vi avtale saman kven sin versjon av den vi ville bruke til innlevering. Fredagsmøtet hadde eg ikkje sjans til å møte opp på, men eg lytta til podcasten som dei hadde kome fram til og tykte denne var heilt grei til innlevering. I løpet av helga skulle vi også ha skrive og forkorta den skriftlege oppgåva slik vi ville ha den. Ein hadde fram til 19.00 å endre det ein ville. Og deretter var det eit Skype møte for å prate om den siste finishen. Men dette møtet kom eg meg ikkje på, for eg hadde ein del problemer både med datamaskina, og med Skype. Det ville ikkje logge meg på. I tillegg hadde eg også eit møte med DKL102 gruppa mi. Her byrja vi å diskutere på mappeoppgåve 2.
Tankar rundt dette:
Eg hadde ein del problemer med Skype denne veka. Anten ville det ikkje logge meg på, eller så hakka det når eg hadde Skype - møte så eg ikkje fekk med meg kva som blei sagt. Eg veit ikkje om det var datamaskina, Internett eller kva det kunne vere, men det er slikt ein må ta hensyn til om ein gjennomfører slikt med elevar i skulen. I vtillegg var det ein spanande oppleving å lage ein podcast ved hjelp av Skype. Også det å lage ein podcast i det heile tatt. Dette er noko ein kan ta med seg dersom ein får seg jobb i skulen, for eg vil tru at dette er noko som elevane vil finne interessant og lærerikt.
mandag 9. februar 2009
Helga veke 6
lørdag 7. februar 2009
Arbeid med A1 i DKL104
Har denne veka hatt møter på Skype kvar kveld for å kome i gong med A1. Vi har sittet cirka ein time både mandag, onsdag, torsdag og fredag. Vi kom fram til kva tema vi skulle ha, kven som skulle ha kva slags roller, og at hovudtemaet på podcasten skulle vere ein debatt om mobbing. På fredagen kom vi også fram til at kvar enkelt skulle finne ut kva han eller ho ville seie før neste møtet som blei avtalt at det er på mandag.
Igjen er det erfaring å bruke Skype. Når ein er i ei gruppe der det er eit stykke mellom kvar dei forskjellige gruppemedlemma bur, er Skype en enklare måte for alle, enn at dei forskjellige medlemma må møtast saman. Då kan det gjerne bli for lite gruppetid og ein får då ikkje gjort ting like effektivt. Så Skype - metoden er ei bra metode å ta i bruk når det gjeld gruppearbeid.
mandag 2. februar 2009
Møte 1 i forbindelse med A1 i DKL104
Veka som har gått - Veke 5
søndag 1. februar 2009
Samling i DKL104 30.januar
Dagens samling handla om podcasting. Vi gjekk igjennom kva podcasting er på samlinga. Vi prøvde også å lage vår eiga podcast - sending. Vi kunne då, sidan det var ei prøve, laste ned ein song frå Internett. Vi skulle selvfølgeleg passe på at det var frå ei side der det var lovleg, for å ikkje bryte reglane om opphavsrett, og deretter få lagt den inn i iTunes slik at den kunne bli spelen av frå ein link i bloggen vår.
fredag 30. januar 2009
Samling i DKL104 Torsdag 29.01.2009
Tankar rundt dette:
Eg tykte dette var ei veldig interessant oppgåve å prøve. Det vart mykje fnising og feiling, men vi prøvde til vi fekk eit brukbart resultat. Det blir ein del å redigere for å få det til å høyrest ut som vi veit litt av det vi pratar om, men det var likevel ein interessant oppleving. Dersom dette var noko vi trena jamnt på, så hadde det ikkje vorte like mykje fnising ut av det. Det er derfor lurt at dersom ein skal bruke det i skulen, så må ein trene litt på det slik at det ikkje vert berre opp i tøys. Og slik at elevane kan bli vande med å bruke slikt. For det er ikkje alle som er like glade i å høyre si eiga stemme oppteken. Det veit eg at eg ikkje er i alle fall, og har aldri vore det. Så slikt er ting ein må ta hensyn til. Det er også viktig å tenkje på kva utstyr ein bruker. Det vart vanskeleg å høyre eine deltakaren, for han hadde ikkje ordentleg mikrofon. Men når dette blei retta på, blei det med eitt mykje enklare å oppfatte kva han sa. Så dette må ein passe på er i orden før ein startar med noko slikt i skulen.
mandag 26. januar 2009
Veka som har gått
I veka som har gått har eg lese igjennom leksjonane i DKL102 og DKL104 som har blitt lagt ut i Fronter. Eg las igjennom desse lelksjonane, og i tillegg jobba eg med dei obligatoriske oppgåvene som høyrde til leksjonane. Eg skreiv ei oppgåve om Neil Selwyn og Michael Wesch og deira syn på sosial web. I tillegg las eg og skreiv om to artiklar som står i ei pensumbok, og skreiv litt om mitt syn på desse. Begge desse oppgåvene la eg ut i bloggen her.
Tankar rundt dette:
Begge oppgåvene tykkjer eg var interessante oppgåver å jobbe med. I den første oppgåva som eg skreiv, som omhandla Wesch og Selwyns syn på bruk av sosial web i undervisninga. Dei deler ikkje same syn på denne saken, men dei har likevel begge meiningsfulle påstandar som gjer at ein kan setje seg inn i begge sin ståstad. Ein kunne då lage seg opp ei eiga meininga om kva som var det som kunne verke mest i undervisninga. Det var i alle fall det eg enda opp med å gjere. Eg fekk mine eigne tankar om kva som ville verke best med tanke på sosial web i bruk i undervisning.
Den andre oppgåva, der vi skulle lese to artiklar som stod i ei av lærebøkene, skulle også kome med nokon tankar rundt artiklane i forhald til DKL - studiet. Dette var kanskje ikkje like mykje tenkjeoppgåve som den andre, for i denne oppgåva skulle ikkje artiklane samanliknast. Dette gjorde det på ein måte til ei litt enklare oppgåve. Men så klart krevde denne oppgåva også at ein sette seg inn i materialet, og tenkte over korleis ein kunne samanlikne artiklane med DKL - studiet.
torsdag 22. januar 2009
Oppgåve i medieproduksjon i DKL104
For at elevane skal sleppe å miste seg sjølv i all den medieoppmerksomheita som er no til dags, må dei få tid til å reflektere over det dei ser og høyrer. Det er heile tida noko som har skjedd i eit anna land som krig, drap osv. Det er som regel berre det negative som skjer i verda som kjem fram i nyheitene. Gjer då dette til at vi bryr oss meir om kva som kan skje i verda, eller blir vi istadenfor ignorante, og bryr oss til slutt ikkje om kva som skjer med verda?
Eg vil seie at det kan verke begge vegar. For somme blir det berre ein lyd som står på i bakgrunnen. Noko som igjen fører til at ein ikkje legg merke til nyheiter, og dermed ikkje kva som skjer i verda. Igjen på den andre sida, kan ein slik informasjon føre til at nokon folk engasjerer seg meir om det som skjer med verda. Det kan føre til at born og unge lærer seg til å føle medmenneskelegheit. Så media kan påverke både negativt og positivt.
Om ein følgjer litt med på media, kan ein også høyre om nokon som har blitt så påverka av filmar eller seriar at dei skal ut og gjere det same som ein av rollefigurane. Dette er så klart ikkje vanlege tilfeller, men det har skjedd. Då har som regel nokon enda opp med å bli skadd. Så ein kan sjå både fordelar og ulemper med media si påverknad på folket.
Krever medieutviklingen ein ny dannelsesteknikk? Svein Østerud
Massemedia blir ein større del av menneskenes verden. På grunn av dette føler eg at det er lurt å integrere dette meir inn i elevanes undervisningsmetode. Undervisninga må kunne leggje vekt på, og lære elevane til, å vere kritiske til massemediane. Samtidig må lærarane lære elevane å vere opne for nye tankar og at der er moglegheitene til å bruke media under ansvar og til positive formål.
Slik læreplanane ser ut, kan det seiast at dei har eit godt dobbeltperspektiv og at dei er med på å fremje læring, istadenfor å gjere slik at den går tilbake. Men dette synet i læreplanane endra seg i 1990 – åra. Skulesystemet fekk då eit splitta syn på korleis ungdommen blei påverka av massemedia. Det var då spesielt fjernsynet som blei sett på som den onde syndebukken i samfunnet. Dei skrivne media blei gjerne sett på som lærerike og sett på til å ha ein positiv effekt på ungdommen.
I den nye læreplanen (LK06) er det istaden kome eit meir realistisk syn på massemedia sin påverknad på ungdommen. LK06 gir tilstrekkeleg rom for elevane sine danningsprosessar. Om då lærarane fokuserar og tenkjer igjennom kva dei kan gjere for å bruke dette til å fremje læring, kan massemedia bli brukt til noko læringsfremjande. Så det er opp til lærarane å stimulere til ei undervisning som kan vere med på å ruste born og unge til å delta i samfunnet.
Tankar rundt desse artiklane
Oppgåve 1 i DKL102
Wesch mot Selwyn
Mitt syn på desse to teoriane:
Eg meiner at om ein finn den gyldne mellomveg mellom desse to sitt syn så kan ein få eit læringsmiljø som stimulerer til læring. Slik eg ser det, er det fleire og fleire som tek i bruk sosial web på fritida. Om ein finn ein måte å integrere bruk av sosial web i undervisninga slik at det fremjar til å vere med på å utvikle borna som studentar, vil eg tru er den beste måten å bruke dette på. Eg føler sjølv at bruk av sosial web kan også vere med på å engasjere fleire elevar til å ville kome med spørsmål og kommentarar. Når ein sit i eit klasserom med alle augene retta mot ein, kan det vere «skummelt» å seie det ein vil seie. Det kan då vere lettare å seie det over ei nettside, som for eksempel Facebook. Så eg vil tru at om ein integrerer sosial web til ein viss grad i undervisninga så kan det vere til hjelp. Men ein bør likevel passe på at det passar til den undervisninga ein held på med.
fredag 16. januar 2009
Samling 15. og 16. Januar
I går hadde vi første samlingane i DKL102. Den første samlinga omhandla sosialt web. Vi skulle på førehand ha meldt oss inn i tre nettsamfunn. Her var eg allereide medlem av tre, så eg valgde å bruke dei; dette var Facebook, nettby og MSN. I tillegg til dette valgde vi grupper som vi skal ha igjennom dette semesteret.
I dag hadde vi om tenkjeverkty. Dette omfatta for det meste bruk av digitale tankekart. Her prøvde vi ut programmet Mindomo. Eg hadde i fjor DKL103 og dette var noko vi som var innom då, så det blei ikkje noko nytt for meg. Det var i grunnen greit å få friska opp igjen bruk av tankekart. Det er ikkje noko eg har holdt på med så mykje den siste tida, og då kan det vere greit å få det oppfriska igjen slik at det ikkje fell ut av hukommelsen. I tillegg til dette gjorde vi ei gruppeoppgåve i samlinga. Her skulle vi ved hjelp av tankekart skrive nokon stikkord om bruk av diverse sosiale webar. Vi brukte her Facebook, Picaza, Nettby, MSN og Delicious. Dette føler eg var ei bra oppgåve å jobbe med. Den var med på å få gruppa i gong med gruppearbeidet, slik at vi også kunne bli litt betre kjende med kvarandre.